Pris Herren!

Pris HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn. (Salme 136,1)

Det er mai, med vår og fint ver. Lyse og lange dagar. Fuglesong og nytt liv i naturen. Og vi feirer 200 års grunnlovsdag! Takk for landet vårt. Takk for fridom og demokrati. Pris Herren, for han er god!

I samband med 17. mai, vil vi invitere til felles LOVSANGSKVELD, for alle grupper og forsamlingar, som ønskjer å prise og takke Herren for landet vårt, og for hans godheit og miskunn mot oss. Dette skjer torsdag 15. mai kl. 19:30, på Frekhaug bedehus. Få med deg mange venner hit denne kvelden, så lar vi det bli vår felles lovsangsfeiring og hyllest til Herren. Arve Reigstad med team leier kvelden. Velkommen!

 

Nytt liv i våre liv

”Jula varer heilt til påske,” heiter det i eit utrykk. Dette inspirerer meg til fleire ordspel. Vi kunne til dømes seie ”Påske varer heilt til pinse,” eller enno meir omfattande; ”Påske varer heile året.” Poenget er dette: Dei kristne høgtidene fortel om Guds handlingar inn i våre liv, handlingar som radikalt forandrar våre liv, og har verknad gjennom heile året, ikkje berre i sjølve høgtida.

I dag hjelper Herren!

”Gårsdagen er forbi. Morgendagen har ingen sett. Men i dag hjelper Herren.” (Visdomsord)

Kanskje tenkjer du at orda ovanfor er henta frå Bibelen? Akkurat som ein nyfrelst vitna om på eit møte. Han siterte refrenget på Prøysen sin song ”Du skal få en dag i mårrå…,” før han så la ut for forsamlinga: ”Eg veit ikkje om dette står i Det gamle eller Det nye testamentet, men eg er i alle fall sikker på at det var Paulus som sa det.”

Mannen som forandret verden

Boka "Mannen som forandret verden" er ei samanfatning av dei fire evangelia, Matteus, Markus, Lukas og Johannes, der du kan lese historia om Jesus kronologisk. Den er basert på ein "Easy to read bibel version" og egnar seg godt for alle aldrar. Den er lita og lett å ta med, og lett å dele med andre. Denne boka gir ei heilt ny leseoppleving, utan vers og kapittelinndeling.

Boka er tilgjengeleg i Norkirken, og du kan ta kontakt dersom du ønskjer ei bok, gratis, til deg sjølv eller til å gi til andre. Boka er veldig lettlest, og gir ei spennande og god innføring i livet til mannen som forandra verda, Jesus Kristus.

Saltet på jorda

Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild. (Kol. 4, 6)

”De er saltet på jorda,” sa Jesus ein gong han tala til disiplane sine.

Det er mykje vi kunne seia om salt,  men her vil eg nemna to ting som er viktig i vår tid, overført til det kristne livet.

For det første finst det mykje godt salt som er stabla bort i øskjer, skuffer og skåp. Det finst mykje salt lagra på saltbøsser. Men saltet får først sitt verknad når det blir spreidd og dryssa ut på dei områda det skulle utføra sin verknad. Å vera kristen betyr å skapa påverknad ute blant folk, i kvardagslivet; på jobben, i familien og i fritida. Kristenlivet må levast sterkt, ope og ute i samfunnet i kvardagen, og ikkje berre inne i den lukka kristne forsamlinga om søndagen.

Å gjera det gode

”Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.” (Gal. 6, 9 – 10)

Verdiar er lurt å tenkja gjennom. Kva verdiar ønskjer eg skal vera grunnlag for mine val og min måte å leva på? Min livsstil, og mi åtferd i møte med andre, blir nemleg prega av mine verdiar, sjølv om eg ikkje alltid reflekterer så mykje over dei.

Det fell seg ikkje alltid naturleg og lett å gjera det gode. Det blir gjerne eit aktivt val frå gong til gong, frå situasjon til situasjon. Vi er på botn og av natur nokså sjølvopptatte og egoistiske. Det er lettare å oversjå enn å sjå. Det er snarare, gjerne ubevisst og utan å ville det, å ekskludere enn å inkludere. Og det er meir behageleg å unnlate å gjera, enn å gjera ei god gjerning for andre.

Eit kall til å velsigna

Guds kjærleik er for alle. Den er tilgjengeleg for alle. Vårt kall som kristne er å dele Guds godheit med våre medmenneske. Det er ei forvaltaroppgåve. Vi er ikkje kalla til på vere Guds politi, og dømme over andre menneske sitt liv.

Men vi skal forkynne Guds ord reint og klart, og ikkje gøyme bort dei orda som talar til samvitet i menneskenaturen. Det som Bibelen kallar synd, skal vi kalle menneske til omvending frå.

Det er alltid Guds kjærleik som skulle vere drivkrafta når vi forkynner omvending frå synd, og ikkje vår indignerte og frustrerte menneskenatur. Det var dette som gjorde Jesus til ein meister i å nå inn til syndarar. Han møtte dei med grunnleggjande kjærleik, og kallet til omvending vart eit kall inn i Guds omsorg, til omforma liv og frigjerande tilgiving.

Felles gudstjeneste

Søndag 16. mars blir det felles gudstjeneste på Nordhordland Folkehøgskule kl. 11:00. Dette er et samarbeid mellom Meland Sokneråd, Frekhaug Indremisjon og Norkirken Nordhordland. Gudstjenesten ledes av sokneprest Torbjørn Åmli, og Andreas Westermoen er musikalsk leder. Han har med seg et for anledningen sammensatt team av sangere og musikere. 

Ei kjelde med levande vatn

Vi er velsigna med vatn her på Vestlandet. Mykje vatn. Det er sjeldan snakk om å gå tom. Det kjem stadig påfyll ovanifrå. I mange land er tilføring av reint og friskt vatn ei stor sut. Denne suta har eg aldri kjent på kroppen. Kanskje skulle vi i større grad takka for vatnet, kjelda til liv?

Det er forskjell på stilleståande og rennande vatn. Hos oss her i vest står vatnet sjeldan stille. Det renn uavbrote. I Midtausten er det mest stilleståande vatn. Vatn frå brønnar. Slik var det og på Jesu tid. Ein gong kom Jesus i samtale med ei kvinne som kom til ein brønn for å henta stilleståande vatn. Ho misforstod. Levande vatn var synonymt med rennande vatn. Altså vatn frå ein bekk eller ei elv. Rennande vatn var betre enn stilleståande vatn. Men slikt vatn var det umulig å finna i byen Sykar.

Sammen i Lovsang

Torsdag 13. mars blir det Sammen i Lovsang på Frekhaug bedehus kl. 19:30. Vi håper mange folk, fra ulike menigheter og lag, vil komme og bli med på denne fellesskapskvelden, der fokus vil være på lovsang, bønn og tilbedelse.

Det er Anne Hilde og Arve Reigstad med team som leder forsamlingen i lovsang denne kvelden, og de vil også synge sanger fra eget repertoar for forsamlingen.

Varmt velkommen til alle!

Vi er til for kvarandre

Vi er ikkje til for oss sjølv. Vi er til for kvarandre. I vår tid er egoisme og individualisme eit trugsmål mot nestekjærleik og omsorgsfellesskap. Vi er til for kvarandre. Vi lever ikkje berre for oss sjølv. Lukka i livet er å få vera til hjelp for andre. Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad. Det gir livet djupare meining og innhald.

Gud i min verden

Gud du er ikkje i min verden, likevel er eg i din….

Liv er medvit om at Gud er nær. Lev livet i vissa om at Gud er nær deg. Han ser deg og han følgjer deg med sine augo. Ingen ting er skjult for han. Han ser livet ditt, i heimen, på jobben, i arbeid og i fritid. Han ser tankane dine, planane dine, ønskja dine og måla som du strekkjer deg mot. Han ser bekymringane dine og problema dine. Han gler seg med deg i dine små og store gleder, og han har omsorg for deg når du kjenner deg liten, svak, lei deg og åleine. Då er han der i stilla, og talar venlege ord til hjarta ditt. Ta tid til å lytta. Ver stille og merk hans nærver.

Storsamling med bønnevandring, aktiviteter og middag

Søndag 23. februar blir det Storsamling med bønnevandring i Meland Aktiv. Det blir en samling for både barn og voksne. Vi vil legge til rette for en familiedag, med felles storsamling, kirkekaffe med kaker, saft, kaffe og te, aktiviteter i hallen etter kirkekaffen, og vi avslutter samlingen med felles middag i foajeen.

Bønnevandring.

Fantastisk jubileumshelg!

Siste helga i januar feira vi 10-årsjubileum i Norkirken. Det ble noen fantastiske dager. Et av høydepunktene var familiefesten på lørdag formiddag i Knarvik senter. Det ble delt ut nesten 800 gratis vafler, og på scenen gikk underholdningen fra høydepunkt til høydepunkt, med topp artister og utøvere.

Tweenteam i aksjon.

Utveljing - løfte og ansvar

Tanken om at Gud vel seg ut einskilte menneske, fører to sentrale ord med seg, løfte og ansvar. I Gamle Testamentet finn vi mange forteljingar om at Gud vel seg ut einskildpersonar til særlege oppdrag og tenester. Og det vert knytt mange løfter til utveljinga. Men løfta er aldri avgrensa til berre å gjelde den som vert utvalt. Abraham var utvalt av Gud. Og det vart knyta løfter til utveljinga. Løfte om fruktbarheit. Løfte om land. Løfte om innflytelse og makt. Og løfte om velsigning. Og grensesprengjande, langt utover eigen familie, vener og landsmenn: ”I deg skal alle slekter på jorda velsignast.” (1. Mos. 12, 3) Velsigninga skulle delast, og Abraham fekk ansvar for dette.

Enhetsfest

Å bade i Ordet

Vi lever i ei tid der det menneskelege får stor plass. Det fysiske og det sjelelege blir dyrka. Kropp og kjensler står i sentrum for livsutfalding. Det handlar om å setja seg sjølv i sentrum for det gode liv. ”Først meg sjølv, og så meg sjølv, og så min neste, dersom det gagnar meg det beste.” Dette kan fort bli leveregel og livsmotto, sjølv om ein ikkje går rundt og mediterer på det og heng det på oppslagstavla over skrivebordet. ”Du må ikkje gå glipp av noko.” Slik lyder gjerne det indre mantra for det moderne menneske i vår vestlege kultur. Og vi blir lett smitta av det.

Ære og kjærleik

Ære og kjærleik

Vi vil ære Gud og formidle hans kjærleik. Dette er visjonen til Norkirken. Eit fokus på både Gud og menneske. Vi vil bruke tid og krefter på Gud i lovsong, bøn og tilbeding. Men ikkje berre i andelege uttrykk. Vi vil også gjerne ære Gud med liva våre, slik dei gir seg uttrykk i kvardagen. Vi ønskjer å setje fotavtrykk som kan stå seg i lyset. Vi vil så gjerne leve rett, og å gjere godt, i forhold til Gud og til kvarandre. Vi ærer Gud når vi tilber han, men og når vi held hans bod. Og boda handlar om kjærleik. Å elske Gud og å elske min neste som meg sjølv.

Jubileumshelg i Norkirken

NORKIRKEN Nordhordland feirer 10 års jubileum i 2014. Feiringa skjer 24. - 26. januar, i form av en stor FAMILIEFEST! Åpen feiring for alle, på Nordhordland Folkehøgskule og i Knarvik senter.

Fredag 24. januar kl. 19:30: ”Sammen i Lovsang” i Storstova på Folkehøgskulen. Ingelin Reigstad Norheim med team leder lovsangen. Tale av Einar Ekerhovd. Kvelden avsluttes med kveldsmat.

Lørdag 25. januar kl. 11:00 – 15:00: ”Familiefest” i Knarvik senter

  • Show med tryllekunstner Ruben Gazki
  • Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad
  • Tween Team
  • Gratis vafler

Søndag 26. januar kl. 11:00: Jubileumsgudsstorsamlingm/kakefest i Storstova på Nordhordland Folkehøgskule. Svein Høysæter og Svein Granerud deltar.

Vi er familie!

I den Augsburgske vedkjenninga heiter det: "Vi menneske kan ikkje bli rettferdiggjort for Gud ved eigne krefter, fortenester eller gjerningar, men vi blir rettferdiggjort utan vederlag for Kristi skuld ved trua, når vi trur at vi blir tatt til nåde og at syndene blir tilgitt for Kristi skuld, han som ved sin død har gjort opp for alle våre synder." (Artikkel 4)

Martin Luther sa det slik: Ved denne artikkelen står og fell kyrkja! Vi talar altså om grunnpilaren i det kristne fellesskapet. Det som gjer at vi er familie, born av Gud og søsken med kvarandre. Vi er eitt med Kristus. Vi er rettferdige for Gud i kraft av Jesu død for alle våre synder, og vi har funne nåde og er tilgitte syndarar. Vi er alle i same båt, og båten er verkeleg ein LIV-båt!

Sider