hjemknapp

om oss

godhelg link til god helg

taler

bibelord

Veke 20


Er vårregn bra?

Varmen let venta på seg. Og det same gjeld sola. Den er stort sett godt gøymd bakom høge og låge skyer. Skyer som slepper på innhaldet sitt. Slepper det ned akkurat der eg bur. Kunne dei ikkje ha venta litt, og halde på vatnet til dei kom litt lenger aust?

Kjære Gud, lat vetter for vårsol røma!

Det finnes stader på jorda der dei ber motsatt: Kjære Gud, lat skyer og regn skygga for sola, så vatnet kan veita jorda.

Vi treng begge deler. Både sol og vatn. Vi får mest vatn. Men lat oss ta med løftene om at Gud kjem like sikkert som vatnet kjem. Det skulle gjera oss her vest sterke i trua.

"Lat oss læra å kjenna Herren,
ja, jaga etter å kjenna han!
Han kjem like visst
som ljoset om morgonen.
Han kjem til oss som regnet,
lik vårregn som væter jorda."
(Hosea 6, 3)


Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma!

Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu i heimen med fred og hyggja.

God 17. mai! God Kristi himmelfartsdag!
Og god helg!



Veke 19


Gløym ikkje å vera gjestfrie
Det skal så lite til. Å invitere på eit måltid. Å by på god mat og drikke. Å servere frå heimelaga gryter, med særpreg frå eige kjøkken. Dele med fleire, og kjenne gleda over å ha nye folk i huset og gjester til bords.
Det kostar så lite, men betyr så mykje. Både for deg sjølv, men også for gjestane. Det kostar kanskje nokre ekstra kroner på butikken, men ikkje meir enn ein fint kan tåle. Og neste gang er det kanskje du som er gjesten, og sparer heile middagskostnaden?
Våg å vere litt dristig. Inviter nokre nye gjester denne våren og denne sommaren. Gå litt utanfor det tradisjonelle, og prøv litt vågale val. Det treng ikkje vere den eller dei som deler alle dine politiske og religiøse standpunkt. Men det er kanskje ein eller fleire som du deler møtepunkt med i kvardagen din? Gjennom aktivitetar. På jobben, på trening, på sidelinja på fotballbanen, i barnehagen eller på skulen. Der du er i livet og i kvardagen din.
Det skal så lite til. Å glede andre. Å forfriske. Å overraske både seg sjølv og andre. Ete og drikke må alle gjere, enten ein har tid eller ikkje. Kvifor ikkje gjere det med fleire? Skape nye måltidskulturar. Opna heimen, fylle grytene og bruke fleire av stolane rundt bordet. Og før du veit ordet av det har du skapt rammene for det, og hamna midt opp i det; eit misjonalt fellesskap….
”Hald syskenkjærleiken levande! Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.” (Hebr. 13, 1 – 2)
God helg!

Veke 18

Med evig kjærleik

Det er herleg når våren gjer sitt inntog, og kulden gradvis slepper takket. Lyset, sola og varmen er alltid kjærkomne og etterlengta vener her i Norge. Og her vest i landet er lengten etter solvarmen ekstra sterk, etter månader med vått, grått og "gufse" ver.

Med sola og varmen vaknar også naturen til liv. Det spirer og gror, og fargane vert sterke og klare. Tida minner meg om Guds nåde. Om Guds kjærleik. Om alt som vert fornya og om livet som har overvunne døden.

"Endå ein gong skal eg byggja deg," er Guds ord til profeten Jeremia. Våren minner oss om dette. Og Jeremia proklamerer også ein kjærleiksbodskap frå Gud til oss i denne byggjeprosessen: "Med evig kjærleik har eg elska deg, difor let eg mi miskunn mot deg vara ved." (Jer. 31, 3)

God helg!

Veke 16

Nåde som skjold

Det er mange som i dag er prega av den vonde rettsaka som begynte i Oslo denne veka. Vi kjenner på avmakt og smerte over alt dette vonde og vanskelege som vi igjen står ansikt til ansikt med.
 
 
Tema på storsamlinga på søndag er “Guds fulle rustning.” Det handlar ikkje om skytevåpen og fysisk krigføring, men om åndelege forsvarsvåpen i kampen mot vondskapen.
 
 
I møte med kald og kynisk vondskap, treng vi å skape varme fellesskap, der vi finn ny styrke til kvardagen, og mot til frimodig å gå videre i livet med oppmuntring og glede i hjarto.

Her er eit bibelord å ta med  seg mot helg: 
 
 
 “Men alle som søkjer tilflukt hos deg, skal gleda seg, alltid skal dei jubla. Du vernar dei. Dei frydar seg i deg, dei som elskar ditt namn. For du Herre, velsignar den rettferdige, du dekkjer han med nåde som skjold.” (Salme 5, 12 – 13)
 
 
God helg!

Veke 15

Vegen til tru

Det vart fart på dei som kom til grava om morgonen den første påskedagen. Steinen som stengte Jesu grav var teken bort frå grava. Maria Magdalena er den første som får fart på beina. Ho spring av stad, og treff på to læresveinar, Simon Peter og Johannes. Ho fortel kva ho har oppdaga, og dei to læresveinane spring av garde mot den tomme grava. Dei spring så fort dei klarer, og den eine er raskare enn den andre. Dei spring på vegen til tru.
Læresveinane finn ikkje Jesus i grava. Dei ser han heller ikkje utanfor grava. Dei kan ikkje vita sikkert kva som er hendt. Har nokon tatt Jesu lekam og lagd han på ein annan stad? Eller er Jesus i live? Har han verkeleg stått opp?
Johannes bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Etter kvart gjekk også Johannes inn. Vi veit ikkje korleis Peter reagerte på opplevinga i den tomme grava, men vi veit at noko skjedde med Johannes der i den tomme grava.
Vegen til tru kan vera ulik frå person til person. Hendingar og opplevingar undervegs i livet kan vere viktige for korleis trua veks fram. Men også kunnskap og kjennskap til skriftene i Guds ord er med på å gi trua gode livskår. For Johannes var opplevinga i den tomme grava kombinert med kunnskap om skriftene og Jesu eigne ord utslagsgivande. Der inne i grava vart trua født. Han forstod det som før var skjult for han, og ein ny røyndom forandra livet hans frå denne dagen. Johannes såg og trudde!
Det handlar om å sjå og tru. Dette er saka også i dag. Ved det kan ein gripa det evige livet. Ved det får ein del i oppstandelsen.
”For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.” (Joh. 6, 40)
God helg!


Veke 14

Frå død til liv

Korset har ein horisontal og ein vertikal planke. Det har form som eit plussteikn. (+) Korset er Guds plussteikn for alle menneske. Jesus døde for deg og meg på korset. Korset opnar vegen tilbake til fellesskap med Gud. Ein døde for alle.
Men dersom historia sluttar med Jesu død, er det likevel lite håp om evig liv og siger over døden.  Utan oppstandelsen på 1. påskedag vert den kristne trua ei død tru utan kraft. Oppstandelsen er beviset på at Jesus vann over dødskreftene ved sin død på Golgata. ”Det er fullført,” var Jesus sine siste ord på korset. Kva var fullført? Oppdraget til Jesus var å skape fred og fullkomme fellesskap mellom Gud og menneske. Det er derfor ikkje tilfeldig at Jesu første ord til disiplane etter oppstandelsen er ”Fred vere med dykk!” Fred med Gud er eit faktum, og i kraft av Jesu oppstandelse kan vi og oppstå til evig liv og fullkomme fellesskap med Gud i eit nytt liv etter døden.
Og du kan erfare oppstandelseskrafta i dag, i det livet du lever her i verda! La ikkje vantru få sigra i livet ditt. Ta eit steg i tru i dag. I kvar ny dag som du får oppleve, er det ein person som står klar til å vere med deg gjennom dagen; den oppstadne Frelsaren, Jesus Kristus. Kvar dag her på jorda inneheld mykje som du kan velje å møte på to ulike måtar. Enten  med mismot eller med krafta frå oppstandelsen. Vel krafta frå oppstandelsen, og gravlegg vantru og mismots ande!
Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage,  og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen, over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande. Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle. (Ef. 1, 17 - 23)

Oppstått er Jesus, hurra, hurra! Han lever, han lever, han lever nå! (Margareta Melin)

God påske!

Veke 12

Be alltid i Anden

Igjen vil vi minne kvarandre om det. Igjen vil vi oppfordre til å fokusere på det. Å søkje Gud i bøn. Vi kan gjere det der vi er. Det er ikkje nødvendig å rydde alt anna til sides. Vi får lov til å koma til Gud med alle ting heile tida. Heile døgnet. Når vi arbeider. Når vi har fri. Når vi kviler. Dag og natt. Utan å stresse og å vere flinke. Nei, berre snakke med Gud vår Far. Minne han på alle orda og løfta om fellesskap med han i bøn. Minne han på mine og andre sine behov. Søkje hans plan og vilje. Spørje han om å vise vei i kvardagen. Be om at hans rike skal koma og at hans vilje må skje.
Jesus oppfordrar oss til å be. Han vil at vi skal vere vakne og søkje Gud. Og han fortel oss at det nyttar å be. Gud vil svare, og han vil gjerne at vi skal leve i eit nært og tillitsfullt forhold til han. Han ønskjer at vi skal tru på han. Tru på at Gud er nær. Tru på at han høyrer når vi ber. Tru på at han kan hjelpa. Tru på at han kan svare på våre bønner. Tru.
Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei? Eg seier dykk: Han skal raskt sørgja for at dei får sin rett. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda? (Lukas 18, 6 – 7)
God helg!

Veke 11

Kva kan eg gjere for deg?
I to veker har eg vore på Filippinane. Her har eg møtt mange ulike menneske, i forskjellige livssituasjonar. I dag vil eg fortelje om ein av dei eg møtte.
Køen var lang. Menneske som venta på å få behandling hos tannlegen. Behandlinga består i å bli kvitt tannverken. Det gjer ein ved å trekkje tenner. Det var lett å få auga på han. Han hadde berre ei tann. Ei lang, synleg tann i overmunnen. Han var med i songen, og han høyrde godt etter på forkynninga av evangeliet. Etterpå kom han bort til meg. ”Kva kan eg gjere for deg? spurde eg. ”Kan du be for meg? Eg er så redd,” sa mannen.  Eg forstod ikkje heilt at han kunne ha så mykje smerte i munnen, med berre ei tann, men eg skjøna at han var redd for tannlegen. ”Ja, klart vi kan be,” sa eg. Så ba vi. Han såg på meg, takka og gjekk inn til tannlegen.
Seinare på dagen spurde eg tannlegen korleis det hadde gått med mannen med den eine tanna. ”Måtte han trekkje tanna?” ville eg vite. Ja, han måtte trekkje, ikkje berre den eine tanna som eg hadde sett, men også sju andre ròtne stumpar, som berre var til plage for han. Ikkje rart at han hadde smerte. Og ikkje rart at han var redd. Men tannlegen fann røtene til det vonde, og fekk fjerna problema.
Kva vil du eg skal gjera for deg?, spurde Jesus ein gong ein blind mann som han møtte. Mannen var frimodig, og ba Jesus om å få synet. Jesus hjelpte mannen, og han blei ein etterfølgjar av Jesus, med både tru, syn og frelse som gåve.
Då sa Jesus til han: ”Gå du! Trua di har frelst deg.” Med ein gong kunne han sjå, og han fylgde Jesus på vegen. (Mark. 10, 52)
God helg!

Veke 8

Tankar om faste…

I likninga om Såmannen seier Jesus at bekymring for dette livet kan skape problem for Guds ord å slå rot i oss. Vi lever i eit overflodsamfunn, og vi har alt vi treng. Men mange kjenner likevel på at det er noko som manglar. Livet er ikkje modent før den åndelege realiteten har fått vakse seg sterk i oss. Og då må vi kanskje starte med eit dagleg, lite oppgjer med prioriteringane våre, forbruket vårt og suta for alt vi eig?
Jesus møtte ein gong ein rik ung mann. Mannen ville gjerne vite kva han kunne gjere for å arva evig liv. I samtalen med mannen sette Jesus fingeren på kva som kunne verte ei hindring for mannen for å nå fram til evig liv. Problemet var jordisk rikdom.  Jesus foreslo for mannen å bytta ut sin jordiske skatt med ein skatt i himmelen. Men det vart ei litt for tøff utfordring.
Jordisk gods og gull har alltid vore ein arg konkurrent til arvesølvet i himmelen. Og den kortsiktige materielle rikdommen har så lett for å få ein dominerande plass i liva våre. Det blir gjerne med sorg i sinnet at vi må vedgå at ”tinga” har fått makt over oss. Her har vi ei stor utfordring, men og ei positiv utfordring. For det er når ein startar med å gi frå seg, at sorga kan avløysast med gleda. Denne prosessen kan eigentleg ikkje forklarast, den må erfarast. Og det skader ikkje å prøve, for mange kan vitne om at dette vart ein nøkkel til eit nytt liv i fridom, glede og åndeleg vekst.
Denne veka gjekk vi inn i fastetida. Kva betyr faste for oss? Kanskje kan vi utvida rammene litt i denne fastetida med å gi meir til andre enn vi det kjøper til oss sjølv?
La oss uansett ta tid til å grunne på desse viktige og utfordrande orda frå evangeliet:
Ein som var medlem av Rådet, kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud! Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal æra far din og mor di.» Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.» Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt manglar deg enno: Sel alt det du eig, og del ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» Mannen vart sorgfull då han høyrde det, for han var svært rik.
Jesus såg at han vart sorgfull, og sa: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike! Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» «Kven kan då bli frelst?» spurde dei som høyrde på. Han svara: «Det som er umogleg for menneske, er mogleg for Gud.» (Luk. 18, 18 – 27)
Lukke til med fastetida, og
God helg!

Veke 7

Å høyre og å skjøne.

Som lærar er det alltid ei utfordring å skulle vite om orda mine og overleveringa av kunnskap til elevane vert forstått og oppfatta slik eg ønskjer det. Eit viktig mål i undervisninga er at alle høyrer rett og skjønar bodskapen. Når kunnskap skal prøvast i ettertid, må eg ofte erkjenne at ikkje alt vart forstått, og ikkje alt vart høyrd og tatt i mot slik eg hadde håpa.
Ord kan vere vanskelege å forstå rett. Ord har innhald, og lærdomsord skal skape noko nytt. Kunnskap er å forstå orda, ta vare på orda, og omsetje dei i ny lærdom og innsikt om livet. Dette har vore menneska si utfordring til alle tider, også i møtet med evangeliet.
Jesus snakka med disiplane sine om dette. Av likninga om Såmannen skjønar vi at orda om Guds rike er som frø som må mognast i god jord før dei gjev frukt i form av ny kunnskap og livserkjenning. Dette er ei utfordring for dagens travle menneske, som ofte berre har tid til mannakorn og korte avsnitt, og som sjeldan gir seg tid til å pløye djupt i Guds ord. Kanskje skulle vi i større grad ta alvoret frå likningane om Guds rike inn over oss? Jesu forteljing om Såmannen er ei av desse, og alvoret i likninga er at det slett ikkje er sjølvsagt at såkornet, Guds ord, slår rot og skaper frukt som varer.
I likninga om Såmannen seier Jesus at noko av såkornet fall i god jord og gav grøde. Og i forklaringa seier Jesus dette: Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.” (Matt. 13, 23)
Då vert det viktig for meg å be om at Gud må openberra og forklara Ordet for meg, slik at eg kan skjøna det når eg les det og høyrer det. Og så må eg faktisk ha tid til å lese det, høyre det og grunne på det.

Guds ord har skaparkraft, og Guds ord er levande og virkekraftig. Guds ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. (Salme 119, 105)
God helg!


Veke 6

Nåde og sanning.
Det kan vere vanskeleg å skjøne samanhengen mellom nåde og sanning. Vi kan lett falle i den grøfta å tru at nåde er å skyva feila og syndene våre under teppet, slik at dei ikkje vert oppdaga. Men å skyve noko under teppet er eigentleg å skyve noko inn i mørkret. Og dette er ikkje vegen til fridom. Det er løgna sin veg, og den bind menneske fast og tappar ut livsgleda.
Jesus utfordra alle han møtte med livssanning. Han tala sant om livet. Han utfordra dei mørke felta, det som var ”skyvd inn under teppet,” i folk sine liv. Han kalla dei mørke områda fram i lyset. Indre sår og smerte, skam over synd i livet, knuste draumar om eit plettfritt liv. Jesus tok sanninga om folk sitt liv fram i lyset. Og der; når løgna blei avslørt, når sanninga kom for ein dag og vart erkjent, når augo vart slått skamfulle ned og dommen kunne avseiast, då skjedde miraklet: Eit kjærleg blikk og milde ord forkynte:  ”Du er tilgitt! Gå bort og synd ikkje meir.”
Kvifor gjorde Jesus dette? Kunne han ikkje gått for ei raskare og meir smertefri løysing? Han kunne vel ha hoppa over sanninga og gått rett på nåden?
Det er ein viktig løyndom å oppdage at nåden og sanninga alltid går hand i hand. Jesus demonstrerte dette. Vegen til fridom har to parallellspor, og livsglede får gode livskår når livet balanserer på begge desse spora. Dei to spora heiter nåde og sanning.
Kvar for seg fører begge desse spora vill. Sanninga åleine bind folk i skam og sjølvfordøming. Nåden åleine forfører folk inn i ei livsløgn som tar bort livsgleda. Men saman verkar nåden og sanninga som dynamitt. Når nåde og sanning får gå i spann, kan dei sprengje eit kvart tyngjande åk over kropp, sjel og ånd. Vegen til fullkomen fridom heiter nåde og sanning.
Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. (Joh. 1, 14)
God helg!

Veke 5

Visjon i to retningar
Jesus samla boda i to store bod; du skal elska Gud, og du skal elska dine medmenneske. Den nye visjonen vår har nettopp desse to dimensjonane i seg: ”Vi vil ære Gud og formidle hans kjærleik.” 
Å ære Gud er sentralt i menighetens kall. Tilbedinga av Gud; som Far, Son og Heilag Ande, er ein livsstil. Mennesket er skapt for å tilbe. Tilbe i kreative utrykk, i ord, i tonar og i tru, liv og gjerning.
Å formidle Guds kjærleik, til oss sjølv og til våre medmenneske, er det andre kallet. Guds kjærleik er blitt openbara i Jesus. Nåden, tilgjevinga og gjenoppretta  livssamfunn med Gud er den største gåva som er gitt til oss menneske. Vi tar i mot, og vi gir det vidare. 
Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit. Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv.”
(Matt. 22, 36 – 39)
God helg!

Veke 4

Eit sigrande kristenliv
Eg hadde ein fantastisk fin skitur på fjellet sist søndag. Djup, ny puddersnø. Rein og kvit. Kunne spora skia dit eg ville. Kjenne på at teknikken og ballansen var på plass. Heilt til eg måtte over ende, og lagde skikkeleg grop i snøen. Ikkje lett å komme seg opp av djup nysnø. Til meir ein kavar, til djupare sekk ein ned. Men etter litt kaving og masing var eg på beina att. Bak meg var det fine spor, og eit stygt krater av ei grop, som tydeleg fortalde kva som var hendt. Men framfor meg var naturen urørt, og eg kunne fortsetja å forme fine spor i snøen.
Eit sigrande kristenliv handlar om dette: Kva gjer eg med falla mine? Spørsmålet er ikkje om eg fell, men om eg vert liggjande, eller reiser meg og går vidare. Alle har synd, og ingen klarer å leve eit feilfritt og perfekt liv. Nøkkelen til seier er å reise seg etter eit fall. Jesus veit at det ligg til vår menneskelege natur å falle. Difor ber han om å få vaske våre føter. Reinse oss. Og så oppfordrar han oss til å gå vidare. Sjå framover. Det er eit aktivt val. La deg ikkje fordømme. La ikkje skuldkjensle lamme deg og gjere deg passiv.
”Gled deg ikkje over meg, min fiende! For om eg fell, skal eg reisa meg att. Sit eg i mørkret, er Herren lys for meg.” (Mika 7, 8)
God helg!

Veke 3

Ved kjelda.

Ein av songane som familien Garnes Reigstad song mykje på konsertar, handlar om at det er opp til oss menneske å rydde plass i livet for livssamfunn med Den Heilage Ande. Anden trengjer seg ikkje på. Vi må sjølv prioritere stilla, med Bibel og bøn, og aktivt lytte til kva Anden kviskrar i vårt indre. For Han er nær oss kvar dag, og gir oss kraft til å leve Kristuslivet. Men vi treng å gi han tid og rom.

Gjev rom for Den Heilage Ande, drikk dagleg av kjelda Guds ord.
La ingen få hindra hans plan med ditt liv den tida du er her på jord.

Ta tid til å vera åleine med Jesus, han viser deg veg
Du finn han ved kjelda som aldri vert tom, der sit han og ventar på deg.

Han fyller ditt liv med sin kjærleik, med kraft til å tena, med fred.
Så la ikkje noko få hindra deg då men set deg hjå frelsaren ned.

Der får du det levande vatnet, hjå Herren får sjela di mot.
Det treet skal bløma til æveleg tid som inne ved kjelda sler rot.

(Haldis Reigstad)

"Må han som er så rik på herlegdom,
styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande." (Ef. 3, 16)

"Han som verkar i oss med si kraft
og kan gjera så uendeleg mykje meir
enn alt det vi bed om og skjønar." (Ef. 3, 20)

God helg!

Veke 2

Kva har du i handa?
Det er ei forteljing i Det gamle testamentet som vi kan lære noko av i åndskampen. Moses hadde fått eit åndeleg våpen av Gud, eit våpen som han alltid bar med seg. Vi kan lese om at han brukte dette våpenet ved fleire høve. Ein gong var då eit folk, amalekittane, gjekk til kamp mot israelittane. Vi kan lese forteljinga i 2. Mosebok kapittel 17.

Våpenet som Moses hadde fått til å bruke var ein høgst allminneleg stav. Ein slik som alle gjetarar i Israel var utrusta med. Sjølvlaga og ufullkomen. I seg sjølv lite imponerande og særdeles lite avskrekkande som våpen i ein krig. Men det var ei skjult kraft knytt til denne staven. Gud hadde velsigna staven med ei særskild kraft som vart verksam når han låg i hendene til Moses.
Herren sa til Moses: ”Kva har du i handa?” ”Ein stav,” svara Moses. (2. Mos. 4, 2)
Moses hadde fått instruksjonar frå Gud og hadde lært å bruke staven, og han visste at krafta frå Gud kom og var verksam når han hadde staven i hand si. Difor gjorde Moses noko nokså uventa i krigen mot amalekittane. I staden for å gå aktivt med i kampen saman med mennene sine, gjekk han opp i høgda og løfta staven opp i lufta, som ei påminning til Gud om å sende kraft. Og på grunn av staven i dei løfta hendene til Moses vann folket siger den dagen.

Kan Moses og staven lære oss noko? Kan vi overføre noko av dette til vår tid?
Eg trur det er ei sanning at Gud bruker det vi har i hendene våre. I overført tyding: Nådegåvene. Han legg si kraft inn i nådegåvene, og vi kan erfare siger i åndskampen når vi aktivt bruker gåvene som er gitt oss. Lovsong og bøn er nokre av dei kraftigaste våpen vi har fått. Og når vi løfter hendene i bøn og lovsong, er det ei vidareført handling av Guds stav i Moses sine hender. For Gud er enno å rekne med.

”Lat ikkje hendene siga! Herren din Gud er hos deg, ein helt som frelser. Han gleder og frydar seg over deg, viser deg atter sin kjærleik.” (Sefanja 3, 16 – 17)
God helg!




Veke 1

Godt nytt år!

2012 er i gang. Vi håpar på at det blir eit velsigna godt år. Kanskje vil Herren gjera nye ting i oss? Kanskje skal vi merka hans nærver sterkare og tydelegare enn før? Kanskje vil ny frukt berast fram dette året? Vi ber om og håpar på at Gud skal vera merkbart tilstades og nær oss i det nye året.
Trekanten, som vi så ofte bruker som symbol, handlar om retning og fokus. Innover, utover og oppover. Vi har prøvd ei tid å fokusere på å vere eit utovervend fellesskap. Vi har oppfordra til å gjere godt for dei menneska vi møter i kvardagen vår. Vi vil fortsetje å utfordre kvarandre til å leve eit aktivt liv utover mot dei menneska som vi møter gjennom naboskap, jobbfellesskap, venskap og familie.

Vi ønskjer likevel denne våren å setje fokus på retninga oppover. På forholdet vårt til Gud. Det vil vi gjere i undervisning på storsamlingar og i samtaler, bibellesing og bøn i gruppene. Gud har mykje meir å gi. Han vil utruste oss og fylle oss med kraft til å leve eit sigrande kristenliv. Han vil fullføre sitt verk og sin plan i kvar einskild av oss.
Det er mange som bruker tid på å trene kroppen reint fysisk. Det tar tid å komme i betre form, og det tar tid å styrkje musklane. Det forstår vi alle, og dei som prøver å trene regelmessig over tid, vil merke framgang og få resultat. Vi kan trene åndeleg styrke også. Gud har gitt oss treningsmanualar, i Bibelen kalla åndelege våpen, som vi skal bruke. ”Bli sterke i Herren og i hans veldige kraft,” står det i Efesarbrevet. Dette vil vi ta på alvor og søkje inn i denne våren. Bli med på treningsdugnad for ny åndeleg styrke i kristenlivet!

Velsigna godt nytt år!

Veke 51

Barnet i krubba.
Så er tida komen. Vi feirer jul. Vi gler oss over alt som er godt i livet. Og vi hyller barnet i krubba. Jesus, verda sin frelser, lever midt iblant oss; i songane, i symbola, i Ordet og i våre indre rom. På ny kjem han til oss med bod om glede. La oss gi han husrom, ja la han få god plass når vi no samlast til feiring og fest!
I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt
og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.
Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!»
(Luk. 2, 1 – 14)
GOD JUL!

Veke 50

Det er mykje å gle seg over. Mellom anna gler vi oss over det vi fekk vere med på sist helg. Vi fekk ein super ”Barnas dag” på laurdag. Alt gjekk fint, og borna gledde seg over alt dei fekk oppleve og vere med på i Meland Aktiv. Eg trur det var ein del vaksne som og fekk fram noko av barnet i seg gjennom leiken i hallen denne dagen.

Latter og glede gjer godt for sjel og sinn. Vi kjenner kor godt det er når latteren sit laust, og leiken går livleg for seg. Born, unge og vaksne kjenner på fellesskap og livsglede i slike stunder.
Takk til alle dykk fantastiske medarbeidarar som gjorde ”Barnas dag” muleg! De gjorde ein kjempeinnsats! Og takk for trygg tilrettelegging og god sikring av alle aktivitetar. Håper de alle kjenner på ei glede over å få gjere dette saman med kvarandre i fellesskapet. Og takk til Gud, han som gler seg saman med oss!

Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus. (Fil. 4, 4 – 7)
God helg!

Veke 49

Å glede andre.

Vi er midt i advent! Mange bruker mykje tid på å glede andre i denne tida. Våre kjære skal få presangar til jul, og vi pyntar hus, gjer innkjøp og legg planer for nokre viktige og verdifulle fridagar saman med familie og vener. Ja, det er kjekt å gjere godt og å gjere andre glade!


I Ordtøka står det eit flott vers om dette. Tenkte å minne om dette i dag, dagen før vi saman skal glede born i Nordhordland med ”Barnas dag.”


”Den gåvmilde får gode dagar, den som auser ut til andre, får rikeleg tilbake.” (Ordt. 11, 25)


God helg!

Veke 48

Å tale sant om livet
I helga var eg på besøk i ei frikyrkje på Sørlandet. Det var flotte kveldsmøte og ei nydeleg gudsteneste på søndagen. Noko av det som gjorde inntrykk denne helga var den nære forkynninga om å tale sant om livet. Ei moden og sann tru talar sant om livet slik det er. Også det vanskelege og smertefulle.
Dei aller fleste menneske har to store sekkar på ryggen som dei drar på og slit med. Den eine sekken heiter ”fortid.” I denne sekken ligg plager og vonde minner frå fortida, også uoppgjorte ting i livet. Hendingar som skulle vore ugjort og annleis. Det andre sekken heiter ”framtid.” I den ligg bekymring og uro for framtida. Uro for det som ein ikkje kan kontrollere og styre sjølv. Alt det som i verste fall kan hende oss.
Det er viktig at vi våger å tale sant om livet. At vi våger å dele dei vonde tinga med kvarandre og søkje hjelp for det som opptar oss i tankane og det vi går rundt og bekymrar oss for. Vi må ikkje fornekte livet slik det kjennest. Og nettopp i kristne miljø burde det vere rom for å snakke om alt, både fortid og framtid.
Fortida kan lukkast med ei dør som ber namnet NÅDE. Den gjeld for alle menneske. Vi må lære menneske at det finst ein veg ut av fortida som heiter oppgjer, sanning og nåde. Og vi har fått ansvar for å forvalte sanninga og nåden. Gi den vidare til menneske som sit fast i fortida.

Framtida kan overlatast i Guds hender og i hans gode omsorg. Han har lova å ta hand om framtida vår, men han gir oss styrke og ro for dagen i dag. Vi må lære oss å kvile i Faderleg omsorg og kjærleik, og ta imot den kraft han gir for å leve dagen i dag.
Gårsdagen er forbi. Morgondagen har ingen sett. Men i dag hjelper Herren!

”Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.” (Matt. 6, 34)
God helg!

Veke 47

Møt han med lovsong!

Advent. Tida då alle har det travelt. Tida då så mykje skal gjerast og førebuast. Tida då vi ventar på jul. Tida då vi gjer oss klar til å ta imot verda sin frelsar, Jesus Kristus.
Møt han med lovsong. La songen få følgje deg gjennom denne adventstida. La dagane bli fylde med glad song og musikk. La tilbeding og takk vere grunntonen for advent. Utvid rammene, og la takken for livet vere inngangsdør til høgtida.
Gjer døri høg, gjer porten vid! Sjå Kristus, kongen til deg rid! Han råder over alle land. Og er all heimsens Frelsarmann.
Rettferdig kjem han til deg ned. Og byd deg sæle, liv og fred. Stillferdig kjem han, utan krav. Og miskunn er hans kongestav.
Han ropar ut eit nådens år. Vår naud ved han ein ende får. Og difor røyster utan tal, med lovsong honom møta skal.
Jesus er i anmarsj. Møt han med lovsong!
God helg!

Veke 46

Har vi nok med oss sjølv?

Eg tar meg ofte i dette: At tankane mine så ofte konsentrerer seg om meg sjølv, mitt liv, det eg skal gjera og det som er mine behov. Eg har så ofte meir enn nok med meg sjølv.
Søndag 13. november minner meg om at eg har svært mange sysken i trua som har det svært tøft i kvardagen sin. Og dei treng omtanke og forbøn frå meg. Og eg treng å bli minna på kor godt eg eigentleg har det i min eigen kvardag.
”Søndag for dei forfølgde” er ein internasjonal solidaritetsdag. Denne dagen står kristne i land over heile verda saman i bøn for sysken i trua som betaler ein særleg høg pris for trua si. I Norkirken vil vi markere denne dagen under storsamlinga på søndag 20. november.
Vi skulle gjere dette oftare, og ikkje berre ein gong i året. Vi kan godt gjere det til ei dagleg bøn, å tenkje på, og be for dei som vert forfølgde.
Jesus minner oss om at forfølging er ein del av omkostningane når eit menneske vil vera ein etterfølgjar av Han: Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.” (Matt. 5, 11 – 12)
Denne helga ber vi for alle som vert forfølgde for trua si.
God helg!


Veke 45

Ei ny og levande veg.

I lengre tid har det vore arbeida på ny veg her på øya vår. Tidlegare, og fram til no, har det vore med livet som innsats å gå langs den mørke og farefulle vegen. Men no står den nye vegen ferdig, og med den breiaste og flottast opplyste gangvegen du kan tenkje deg.  Det er ei sann gled å ta seg ein tur til fots langs den nye vegen. Og ein kan kjenne seg heilt trygg.
I Hebrearane 10 kan vi lese om ein ny og herleg veg. Det er ein åndeleg veg som går heilt inn i heilagdomen hos Gud. Denne vegen fører til frelse, og den er blitt til med livet som innsats. Jesus gav livet sitt for å fullføre ein veg til frelse for kvar den som trur. Det er ein veg som har kosta blod, og Jesus er sjølve vegen.
Så har vi då, sysken, frimod ved Jesu blod til å gå inn i heilagdomen, dit han har innvigd ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, som er kroppen hans. (Hebr. 10, 19 – 20)
Dette skulle gi oss stort frimod. Ein ny og levande veg er opna for alle. Alle kan ta den i bruk. Den er tilrettelagd for vanlege, syndige menneske. Og den er tilrettelagd for å brukast. Men ein må altså gå den sjølv for å oppleve den.  Ikkje berre høyre om den. Ein må bruke den, kvar einskild. Då vil ein sjå og erfare at det er ein fantastisk veg. Og den fører dit den lover.
God helg!

Veke 45

Kven er Jesus? 

Mange har stilt dette spørsmålet opp gjennom tidene. Jesus stilte sjølv dette spørsmålet til læresveinane sine. ”Kven seier folk at Menneskesonen er?”

Peter gir oss eit svært presist svar: ”Du er Messias, den levande Guds son.” (Matt. 16, 16) Jesus var fødd av Gud. Ja, han var og er sann Gud. ”Eg og Far er eitt,” seier han om seg sjølv. ”Eg er,” seier Jesus, og bruker ei litt mystisk formulering om seg sjølv, som jødane brukte for å snakke om Gud, utan å misbruke namnet hans.
I evangeliet etter Johannes finn vi ei rekkje med slike ”eg er ”– utsegn.
”Eg er livsens brød.”
”Eg er lyset i verda.”
”Eg er porten.”
”Eg er den gode gjetaren.”
”Eg er vegen, sanninga og livet.”
”Eg er det sanne vintreet.”

Kven er Jesus – for deg?
Jesus ber oss ta stilling til kven han er. Han utfordrar oss, og ber oss rekne med han som noko utanom det vanlege. Han kjem med svært store ord om seg sjølv. Ingen andre i historia har uttalt så store ord om seg sjølv. Ja, orda er så store at han eigentleg berre gir oss to val. Enten var han mentalt forstyrra, eller så var han den han sa han var; GUD.
Når vi les forteljingane om Jesus, får vi eit bilete av ein mann som var alt anna enn mentalt forstyrra. Han gjekk rundt og gjorde vel mot alle, og han utviste stort leiarskap, uvanleg høg kunnskap og dømmekraft. Og han hadde heilt uvanlege evner til å lækja folk og setja folk i fridom frå vondskap. Kva skal vi tru? Svaret gir seg sjølv, tenkjer eg: Han var og er Messias, den levande Guds son. Han er Gud.
God helg!

Veke 43

Glede og fred.

Er ditt liv fylt av uro? Prega av ei stressande tid? Du strever med så mange problem, og prøver leggje ned all di flid. Det blir mykje stress og eit forferdeleg kav, for du må jo leva opp til dei mange krav….
Slik startar ein av songane som eg skreiv i 1990, i ein periode av livet då eg kjende ”trøkket” frå mange kantar på ein gong. Vi var nyetablert i vårt første sjølveigande hus, i to aktive jobbar, med tre små born i heimen, og i ei reisande song- og musikkteneste i helgane. Og midt i dette vart vi råka av alvorleg sjukdom. Det vart vanskeleg å få livet til å hengja saman. Ja, det kjentest som om alt rakna, og livet var i fritt fall.
Forunderlege Gud: Midt i stormen og i det totale kaoset som oppstod, vart vi fylte av djup glede og fred. Den dag i dag kan eg ikkje forstå det, men eg veit det vart røyndom, for eg opplevde det og levde i det. Guds glede og fred om overgår all forstand.
Dette minner oss om at det ikkje alltid er ytre harmoniske forhold som er avgjerande for å erfare den djupe kjensle av glede og fred. For meg var det avgjerande å vite og kjenne at Gud var nær meg, eg stolte på Han, og Han fylte meg med glede og indre fred.
Paulus hadde nok den same erfaring då han sat i fengsel og opplevde forfølging og ytre harde forhold i livet. Glede og fred er stikkord når vi les brevet hans til Filipparane.
Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus. (Fil. 4, 4 – 7)
God helg!