Artikler

Veke 37

Skriv din historie

Vi har snakka ein del om TID; både livslaup (Kronos) og hendingar (Kairos) som skjer gjennom livet. Vi vert alle merka av den tida vi lever i, og dei hendingar som skjer i tida og livet vårt påverkar oss til å verte dei vi er. Vi er alle ein del av historia. Men vi er og ein del av det Gud gjer i oss, ved oss og gjennom oss i den tida vi lever i.

Kristian Hesselberg har skrive ein flott tekst om dette. Den har eg lyst til å dele med deg i dag. La det vere ei oppmuntring til deg om å halde fast på trua, at Gud er ein allmektig og handlande skapar inn i det livet du lever her på jorda.

Veke 36

Utan opphald.

Vi kan aldri slutte med det. Vi treng ikkje stanse med det. Vi må aldri tenkje at no er det nok, og no må vi gjere andre ting. Ting som er viktigare. Og vi må aldri sjå på det som ein aktivitet, på linje med andre aktivitetar. Denne aktiviteten er ikkje som andre aktivitetar. Du kan til dømes samanlikne det med å puste. Vi seier ikkje at å puste er ein aktivitet som tar for mykje tid. Eller at vi må prøve å redusere pustefrekvensen fordi vi må spare oksygen. Sluttar vi å puste dør vi fysisk. Slik er det med dette andre også. Dersom vi sluttar med det, så dør vi åndeleg. Det handlar om bøna.

Veke 35

”Sjå, eg skaper noko nytt.”

Veke 34

For så rik er Guds nåde…

Veke 33

Kva er det kristne fellesskapet fylt av? Kva fyller vi på med av verdiar i fellesskapet? Kva er kjenneteikna på søskensamfunnet?



Vi kan sikkert finna mange ting å liste opp her, men i dag har eg lyst å nemne nokre viktige ting som Paulus skriv i eit av sine brev. Den apostoliske velsigninga er ganske kort, men den har eit svært innhald, med tre flotte ønskje for det kristne familiefellesskapet. Vi gjer vel i å grunne på dette, og leggje kraft i bøna når vi ønskjer og ber om at dette må gjelde for oss.

Veke 32

Saman i fellesskap, saman i bøn.
Det er styrke i eit fellesskap. Det er godt å stå saman i vanskelege tider, og få dele smerte og sorg. I denne tida ønskjer vi å stå saman i bøn til Gud for land og folk. Bøn er eit uttrykk for eigen hjelpeløyse og håp til Gud.

Veke 24

Engasjert trusliv

Eg lengtar etter meir engasjert trusliv. Lengtar etter å sjå brennande menneske som lever for Gud og for andre. Eg lengtar etter dette hos meg sjølv og hos andre. Og når eg møter engasjert trusliv i ulike former, hos menneske som lever i det, blir eg vekt. Og når eg sjølv lever i det, tenner eg lengten i andre. Her er ein nøkkel: Når eg blir avhengig av å få av Gud for å ha noko å gi vidare til andre, skjer det ei fornying i meg. Eg må inn til kjelda og til energien. Her inne, i samfunn med Gud, finn eg ei kjelde av levande vatn og eit bål av varme. Eg får drikke til oppkvikking for ei ånd som har gått tørr, og eg finn varmeenergi for eit hjarta som har vorte kjølig.

Akkurat i dag er det meir freistande å snakka om varme og hete enn om friskt, kaldt vatn. (Vi har hatt rikeleg av det siste ein lang periode. :-) Likevel, vatnet er livsnødvendig og kjærkomme, og vi klarer oss ikkje utan det ein einaste dag.

Veke 23

Pinsehelga fell alltid på den lyse årstida. Og i år er pinsa særleg lys, berre nokre få dagar unna sommarsolverv. Pinse er høgtida for Den Heilage Ande. Vi vert minna om at Anden er komen til jorda for å gjere si gjerning.

Ei av Andens gjerningar er dette: Å lyse opp og vise veg for menneske som lever i mørke. Jesus sa det slik: ”Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga.”

Og Paulus skriv slik i eit av breva sine: ”Det auga ikkje såg, det øyra ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i nokon mennesketanke, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han, det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.”

Veke 21

Det kristne vitnesbyrdet.

Det kristne vitnesbyrdet er eigentleg dette: Å peike på Jesus. Vi tenkjer gjerne at det må spesielle opplevingar til for å kunne vitne. Og det er alltid oppmuntrande å høyre folk fortelje om hendingar og ting dei har opplevd med Gud. Det kan styrkje trua på at Gud er nær i kvardagslivet.

Det kristne vitnesbyrdet har likevel dette eine klare målet: Å peike på Jesus. Døyparen Johannes er eit godt døme på dette. Folk kom til Johannes og ville vite kven han var. Johannes hadde både det mystiske, det kraftfulle og det profetiske i seg. Han kunne visst ha utnytta situasjonen, og sett peikefingeren mot eige bryst og sin eigen person. Men i møte med folk si interesse for døyparen og personen Johannes, veik han unna, og i staden prøvde han å dreia samtalen og folket sitt fokus over på ein annan person; Jesus.

Veke 20

Men den som drikk…

Sjå stort på det vesle fellesskapet, der to eller tre er samla til bibel, bøn og samtale om livet! Jesus er i slike fellesskap, og han gir oss det eine nødvendige der.

Maria fekk oppleve dette, i ei stille stund ved Jesu føter, medan søstera Marta var travel med å lage til eit måltid mat. Den samaritanske kvinna fekk også erfare dette, i ei stille stund med Jesus, ved ein brønn i utkanten av byen, medan tolv læresveinar var travelt opptatt med å kjøpe mat.

Nødvendig, meir nødvendig og mest nødvendig. Kva er mest nødvendig? Kva mat og drikke bruker vi mest tid på? ”Arbeid ikkje for den mat og drikke som forgår, men for den mat og drikke som varer og gjev evig liv. Eg er livsend brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg skal aldri tyrsta.” Ord tala av Jesus. Ord som vi lett overser og lukker øyro til.

Sider