Artikler

Veke19

Ta vare på hjarta

Jan Martin og May Sissel Rismyhr Jansen har skrive ein song som har kverna i hovudet mitt nokre veker. ”Bevar ditt hjerte” heiter songen. Teksten har utspring frå Salomos ordtøke, og eg tolkar songen som eit lite opprør mot vår tids kroppsfikserte kultur.

”Alle kan berøre hud, hvem kan berøre et hjerte? Bevar ditt hjerte framfor alt du bevarer, for livet går ut fra det.”

Det er noko i livet som er viktigare enn kropp, figur, former og meir og mindre sminka hud. Av alle ting som vi pleier med omsorg og omtanke, enten det er kroppen vår eller andre ting, er det ein ting som er viktigare å ta vare på enn alt anna; hjarta.

Har vi gløymd å ta vare på hjarta i vår tid? Er hjarta, det som står livet nærast, kome på avstand frå oss? Har vi gløymd korleis eit hjarte skal pleiast?

”Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det.” (Ordt. 4, 23)

God helg!

Veke 18

”Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.”
(Joh. åp. 3, 8)

Gud veit om…. Både det vi lukkast og misslukkast med. Det vi er stolte av, men og det vi skjemst over. Gode resultat og manglande resultat. Gud veit om….

Og midt i dette sjølvransakande og innover fokuserte på meg sjølv lyder gudsordet: Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør. Gud har gjort. Han har ordna. Han har opna ei dør. Uavhengig av mine eigne prestasjonar, strategiar og mi meir eller mindre gode handlingskraft. Han opnar dører som ingen kan stengja. Sjå, det står ei opna dør framfor deg.

Veke 17

Det spirer og gror.

Det er vår ute, og naturen vaknar til liv. Det spirer og gror frå svart jord. Knoppar sprett på trea, og fuglane syng dei vakraste tonar frå hagebuskar og tretoppar.

Påska markerer starten på det nye livet. Vi feira Jesu oppstode forige helg. Påskedag er starten på den kristne vårtida. Nytt liv står opp frå dauden. Jesus er oppstoda og livet. I han får vi nytt liv og i han lever håpet om evig liv og oppstode frå dauden for alle som trur på han.

1. påskedag kan lett bli ein "happening." Og så fell vi tilbake til den faste tralten. 1. påskedag skulle vere starten på ein kontinuerleg feiring av det nye livet og sigeren over døden. Vi kan feire 1. påskedag kvar dag. Slepp gleda laus! Det er vår! Gled deg i Herren. Han er oppstanden og Han lever i dag!

Veke 15

Påsketankar.

Jesu død og oppstode er sentrum i den kristne trua. Jesus gav livet sitt for at vi skulle få liv; evig liv.

Mennesket sitt største problem er synd. Alle menneske har synda. Synda gjer oss ureine, den skaper ufridom og den skil oss frå fellesskap med Gud. Kven kan då fri oss frå synda, ureinskapen, skulda og fangenskapet?

Påskebodskapen til oss er at Jesus har ordna dette. Utan at vi har fortent det, vert vi sagt rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus. Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vere eit sonoffer – for dei som trur. (Rom. 3, 24 – 25)

Veke 14

Bøn er nøkkelen.

Bøn er nøkkelen til vekst, vekking og velsigning. Det er påstanden frå medlemmer av bønneteamet i Norkirken Nordhordland. Og det er nok meir sanning i desse orda enn mange anar. Men vi har nok lagt merke til det, og vi veit det av erfaring: Bøn kan forandre alt. Bøn er eit mektig våpen. Bøn kan utrette langt meir enn det vi kan våge å drøyme om.

Trua på bøn handlar ikkje berre om erfaringane våre. Resultatorientert bøn er djupt forankra i Bibelen. Vi finn ord om bøn overalt. Bøn er ein kjerneaktivitet i Bibelen. Bøn er sjølve pulsslaga i kristenlivet. Trua på at Gud høyrer og svarer på bøner er ei grunnleggjande tillitsak i Guds ord. Det er mange vitnesbyrd i Bibelen om dette.

Veke 13

Han fyller ditt liv med det som godt er….

Vi fyller dagane med innhald. Alt mulig skal få plass i løpet av ein dag. Av og til går mykje av plassen med til jobb og virke. Men mellom arbeid og kvile får også mange andre ting plass i kvardagen. Små ærend her og der, litt handel og innkjøp, litt vasking, rydding og vedlikehald, følgje opp born og avtaler med skule og fritidsaktivitetar, m.m. Alt dette kan vere vel og bra, og godt og rett.

Men gløym ikkje å fylle på med litt ekstra godt i løpet av kvardagane. Små kosestunder med avslappande innhald kan gjere dagane til meir enn eit hektisk orienteringsløp med postar som skal stemplast inn. Ein kaffikopp (eller te:-) og ein sjokoladebit (mørk sjokolade er til og med sunt…) saman med kollegaer, vener eller familie set ein spiss på dagen. Gløym heller ikkje å gi mat til barnet i deg, og la leiken og draumane få ha sin plass. Glede og latter har helsebringande effekt. Vi treng meir av dette i vår tid.

Veke 11

Makt og tilbeding.

Vi er inne i fastetida. Det minner meg om Jesus, og hans fastetid på 40 dager i audemarka. Fastetida var ikkje berre å avstå frå mat og drikke. Fastetid var og førebuing til det store slaget, den avgjerande kampen mellom det gode og det vonde. Kampen om frelse og fortaping, for menneskeslekta. Og Jesus trengte å førebu seg. Det gjorde han åleine, i audemarka.

Det vil sei: Gud var til stades, og fienden – den vonde – var til stades. Og fienden hadde ei stemme, han hadde både talerett og påvirkningskraft. Han talte med overbevisning, og han var på leit etter dei svake punkta i menneskenaturen. Men Jesus parerte angrepa med Guds stemme, med Guds ord. Og heldigvis fekk Gud siste ordet. Jesus gjekk sigrande ut av freistinga og møtet med den vonde.

Veke 10

Betre å fly til Herren…

Bibelen inneheld 66 bøker med til saman 1188 kapittel. Salme 118 er i midten, og vers 8 er ei lita perle av ein sentrumskjerne: ”Det er betre å fly til Herren enn å setja si lit til menneske.”

Dette verset seier litt om kven Gud er. Det fortel noko om kva verdiar og kvalitetar eg kan vente meg å finne hos han.

Gud er å rekne med. Han gir hjelp. Han stiller opp, uansett kva som er problemet. Han veit råd, midt i mi eiga rådløyse. Han er tilgjengelig og alltid oppmerksamt nærverande. Han spør ikkje etter ”kven som har skylda”, eller kva dumme ting eg har rota meg bort i.

Veke 8

Kva har vi i huset?

Eit norsk gull, og eit svensk gull. Det er status etter første konkurransedag i VM i Holmenkollen. Det er på ein måte litt som forventa. No må eg skunde meg å seie at det sjølvsagt er mange nasjonar som kjemper om medaljane, men langrenn er tradisjonelt ei idrettsgrein med store nordiske sigerstradisjonar. Det er forventa at Noreg og Sverige skal vere heilt der framme i gullkampen.

Kven er med på laget? Kven representerer nasjonen? Kva har vi i huset? Dette er viktige spørsmål som vert stilt ved eit VM-uttak. Alle ønskjer å stille med det beste mannskapet. Det store målet er å kunne stille med eit vinnarlag.

Veke 7

"Dei gløymde kvar dei skulle roe seg….”

”Eit fruktbart liv” er eit av temaa som vi jobbar med for tida. For å leve eit fruktbart liv treng vi minne kvarandre om at vi treng å kvile, ikkje berre å arbeide. Eit uttrykk som eg nettopp har lest, og stoppa opp ved, er ”å arbeide frå kvila.” Kvila kjem først, og så kan den vere eit godt utgangspunkt for arbeidet. For begge deler er viktig. Vi treng å leve livet i ein god ballanse mellom kvile og arbeid .

Sider