Artikler

Veke 6

Det er vinter

Det er vinter. Dagane er mørke. Kanskje opplever du dei mørke skuggesidene sterkare enn sola og lyset? Kanskje går du i dødsskuggens dal? Er livet blitt utan håp?

Det finst periodar i livet med tvil, kamp, gråt og smerte. Det finst dagar som er vonde. Det finst tider med meir jord enn himmel. Men det finst ikkje timar, minutt og sekund der du er overlate til deg sjølv i einsemd. Det finst ein usynleg bauta, som alltid er der, verksam tilstades i skuggelandet ditt.

Når livet vert ein skugge av det som ein gong var.
Når ingen roser blømer i ditt sinn.
Lyft augo opp til himmelen, til han som er din far.
Han kviskrar til ditt hjarta, du er min!

To hender lyser i mørkret.
To hender som vil bæra deg når du sig i kne.
To hender, to naglemerkte hender,
skal føra deg til kvile og fred.

Veke 5

Ord og liv.

Det er betraktelig lettare å gå gjennom opne dører enn stengte dører. Eg har ein gong prøvd å gå gjennom ei stengd glasdør, og det var ikkje særleg behagelig. For å sei det slik, det vart bråstopp....

Paulus bruker uttrykket ”open dør” om arbeidet med å forkynne evangeliet. ”Då eg kom til Troas og skulle forkynna Kristi evangelium, fann eg ei open dør i arbeidet mitt for Herren.” (2. Kor. 2, 12)

Vi treng å sjå etter dei opne dørene. Og vi kan be Herren vise oss desse. Kvar skal vi setje inn kreftene? Og kvar skal vi bruke tid og ressursar i arbeidet med å forkynne evangeliet? Kven er det som er opne for å ta imot evangeliet? Kor tid skal vi bruke ord, og kor tid skal vi la vere?

Veke 4

Nytt mot!

Paulus har skrive mange av breva i Det nye testamentet. Eit av desse er brevet til Romarane. Paulus var stadig på farten i oppdrag for evangeliet. Han reiste frå plass til plass og planta nye fellesskap og besøkte etablerte kyrkjelydar. Og når han ikkje fysisk, i eigen person, kunne vere til stades alle plasser til ei kvar tid, var løysinga å sende brev. Hensikta med breva var sjølvsagt å undervise dei truande i kristne sanningar og i viktige prinsipp for disippellivet. Svært ofte er den grunnleggjande tonen i breva omsorg , støtte og oppmuntring.

Veke 2

Å byggje ein disippelkultur

Enkelte prosjekt er livslange. Innhaldet i overskrifta på denne helgehelsinga er nok av dette slaget. Det er ambisiøse ord, og eit stort tema for eit semester. Tar vi utfordringa? Ønskjer vi å bli utfordra? Og våger vi å utfordre andre og kvarandre?

Vi menneske treng utfordringar for å bløme og utvikle oss. Vi treng å strekkje oss etter nye mål og vi treng å arbeide på oss sjølv for å kjenne at vi lever i ein heilskap. Men vi treng ikkje berre utfordringar. Vi treng å leve i ballanse mellom utfordring og invitasjon. Dersom vi berre fekk utfordringar, ville vi etter kvart misse motet og gå lei. Det er svært viktig å skape ein kultur der vi kjenner oss velkommen i fellesskapet, og der vi blir invitert inn, får støtte, og blir tatt i mot og godtatt, slik vi er. Vi må sleppe å bere vekta av at vi aldri er gode nok, og at vi alltid må forandre oss til noko anna enn det vi er. Det skaper utryggleik og mismot.

Veke 1

Herre, lær meg din veg!

Alle menneske set spor etter seg. Livet vi lever kan sporast. Kvar var du på ferie sist sommar? Visakort, kredittkort, mobiltelefon m.m. legg igjen informasjon om kvar du har vore, kvar du har brukt pengar og kven du  har ringt og sendt meldingar til. I tillegg kan tusenvis av kamera dokumentera kvar du har vore til ei kvar tid, når du ferdast i det offentlege rom rundt omkring i verda. Og sjølv om du skulle gå klar alt dette, finst det visst nok satellittar som kan spore deg når du ferdast ute i fri natur under open himmel.

Vi går mot den fyrste helga i 2011. Vi har levd den eine av femtito veker i det nye året. Kva spor vil eg setja etter meg dette året? Kva retning skal livet mitt ta? Kva skal eg gi plass til, og kva skal eg velja bort? Kvar går livsvegen min vidare?

Veke 52

Gårsdagen er forbi. Morgondagen har ingen sett. I dag hjelper Herren!

Godt nytt år! Eller, god ny dag! For det er slik livet fungerer. Vi får leve ein dag om gangen. Og vi får leggje dagen i dag, og dei dagar som måtte komme, i Herrens hender. Vi stoler på Han, også ved inngangen til det nye året. Stoler på nåden som dekker året som er omme. Og vi stoler på hjelp og kraft til å leve i dagen som vi opplever kvar dag vi vaknar til ein ny dag. Og i dag er det ein ny dag i eit nytt år. Her, i denne dagen, er Guds nåde. Her er Guds kraft. Her er Guds kvilande nærvere. Her får vi glede oss over alt det flotte og gode i livet, og her får vi gråte over det som er tungt og vanskeleg.

Veke 50

Vi treng ein frelsar.

Det skal ekspertar til på alle områder i vår tid. Før kunne ein person brukast til så mangt, også i jobbsamanheng. I dag er det spisskompetanse på dei fleste områder innan arbeidslivet.

Eg snakka med ein god ven i dag om forskjellige ting. I samtalen kom vi inn på spørsmålet om kvifor Gud sende ein person med spesialkompetanse på frelse. Hadde problemet vore pengar, ville Gud mest truleg sendt ein økonom. Eller kanskje han heller burde sendt ein rådgivar? Men han sendte altså ein frelsar. Kvifor? Fordi vi alle desperat treng tilgjeving. Mennesket treng tilgjeving, og Jesus har spesialkompetansen. Han gir oss denne største gåva av alle, tilgjeving for våre synder. Samfunn med Gud er innan rekkevidde. Tilgjeving vert gitt oss, heilt gratis, ved å ta imot Frelsaren i tru.

Veke 49

Jul i sikte, har du blikket på rett plass?

Vi er midt i adventstida. Komme, eller ankomst, som ordet advent betyr. Vi førebur Jesu komme, Jesu ankomst. Og vi venter på kongen som skal komme. Vi omgir oss med glitter og stas, handel og mas. Og vi ser etter det som glitrar og skin, både blant ting og tang, og menneske.

Jesus kom til jorda på ein nokså uglitrande måte. Ein stall. Høy, halm og trau til krybbe. Kongekrybbe. Kongeseng. Nokre fattige hyrdar kom innom stallen, såg kongen, og trudde.

Palmesøndag. Kongen rir inn i Jerusalem. Ikkje på ein majestetisk, kneisande stridshest. Nei, på ein eselfole. Symbolikken frå Betlehem gjentek seg. Eit esel, det minst kongelege framkomstmiddel ein kunne tenkje seg på den tida. Ein stor konge, i forkledning. Folket såg han, hylla han og trudde. Men berre nokre få dagar i ei kort veke.

Veke 48

Gleda er målet!

Det er mange omstende og hendingar her i verda som kan ta frå meg den barnlege gleda over å vere ein frelst syndar og eit Guds barn. Det veit alle som har levd her på jorda ei stund.

Maria var ikkje så gammal jente, kanskje 14 - 15 år, då ho fekk melding om at ho skulle bli mamma. Nokså upassande tidspunkt å bli gravid, særleg når ho ikkje hadde vore saman med mannen som ho var trulova med. Det må ha vore nokre store omkostningar og tunge tak å bera for Maria i denne situasjonen, reint menneskeleg sett. Ein liten parentes til vår tid: I dag skal born helst vera nøye planlagd, og dei skal innfinna seg på eit tidspunkt i livet når det passer best for foreldra.

Veke 47

Tid for lys

Det er første søndag i advent denne helga. Lysestakar vert funne fram, og støvet vert pussa av utebelysninga som har vore 11 månader til lagring på loftet eller i kjellaren. No skal hus og hagar lysast opp, og byen er klar for årets lysfest.

Lys i desember er ein fin ting. Vi liker å tenne lys i mørketid. Lys til glede og håp. Det tindrar litt ekstra i augo til både vaksne og born når støpselet vert kopla i stikkontakten i garasjen, og prydbusken i hagen på ny kjem til sin rett, midt på mørkaste, kaldaste vinteren.

Om ein berre har lys, kan ein gjere det ein har lyst til, om det så skulle vere å ta ein tur rundt Storeknappen, midt på svarte natta. Eg høyrde om eit kreativt ektepar som gjorde nettopp det her om kvelden. Med lykt på hovudet. Det kallar eg livsglede!

Sider