Artikler

Veke 46

"Farlig tro"

Denne veka har eg lest ei bok av Broder Andreas, med tittelen "Farlig tro."
For meg er det tankevekkjande å lese om einskildpersonar si vandring frå religionsdyrking med grunnelementa frykt, straff og tvang som motivasjon, til ei gryande og etter kvart levande tru på Jesus Kristus.

Eg kjenner på stor takksemd til dei personar som i si tid var med å vise meg veg til Jesus, då eg var i ung alder. Og eg må også spørje meg sjølv: Er eg sjølv med og viser vegen til Jesus Kristus for andre?

I boka "Farlig tro" er det med livet som innsats at ein vitnar om Jesus. Ordet "vitne" i Bibelen er det same som "martyr." Denne forståinga av ordet har vi kristne i vesten eit nokså lite reflektert forhold til. Det er sjeldan at vi erfarer martyrium ved å vitne. Men det er altså kvardagen for kristne i Midtausten. Og likevel gir dei ikkje opp trua. Og dei gir ikkje opp med å vitne om trua.

Veke 45

Nytt håp!

Sist helg var eg i Riga. I tre dagar fekk eg vere med på den evangeliske aksjonen til Franklin Graham som fann stad i byen. Det vart sterke inntrykk. Den store Riga Arena, som kan romme 14000 menneske, var full til randen kvar einaste kveld. I løpet av helga var det over 3000 menneske som gav livet sitt til Jesus. Då invitasjonen vart gitt, i slutten av møta, strøymde folk fram til den store, opne plassen ved scena. Folk stod som sild i tønne der framme og nedover i midtgangane.

Veke 44

Lys i mørketid

"For om ein lem lid, så lid alle dei andre med."
(1. Kor. 12, 26)

November er månaden då stadig fleire kyrkjelydar og forsamlingar markerer "Søndag for forfulgte kristne." Ein skulle ønskje at talet på forfølgde gjekk ned, men diverre ser det ut til å vere motsatt. Ein anslår at rundt 200 millionar menneske, i større og mindre grad, vert forfølgde for trua si på Jesus. Det er ein høg prosent av den kristne familien vår.

Kva kan vi gjere? Vi kan snakke om det, og løfte dette emnet fram i fellesskapet. Og vi kan støtte dei organisasjonar, som særleg arbeider for forfølgde kristne, med økonomiske midlar. Og ikkje minst, vi kan BE for dei! Og det er oppfordringa mi ved inngangen til denne første helga i november: Lat oss huske på, og be for, alle som blir forfølgde.

Veke 43

Framtidshåp!

Det var vanskelege tider for Israelfolket. Dei var bortførde til Babylonia. Dagane var tunge, og heimlengten var stor. Mange såg etter ein rask utveg, og folk drøymde om eit kortvarig eksil.

I denne situasjonen var det nokre profetar som kom med falske ord om kjappe løysingar og snarleg utfriing frå fangenskapet. Dette var ikkje ord frå Gud, men ord og tankar dei sjølv produserte, kanskje for å tenne eit håp i ein tung og håplaus situasjon.

Det kan vera freistande å tenkja at Gud skal vera garantist for eit problemfritt liv. Eit lett og sorgfritt liv utan liding og tunge byrder. Men det er ikkje alltid at livet vert slik. Det er ikkje alltid slik at alle sorger forsvinn over natta, sjølv om vi håper og trur på eit mirakel. Vi må ofte leve gjennom periodar med liding og smerte.

Veke 42

Makt til å bli barn.

I den svenske gospelmusikalen "Befriad" er det ei songstrofe som lyder slik, omsatt til norsk: "Men alle dei som tok imot Han, dei gav Han makt til å bli Guds born." Eg har fleire gongar denne veka funne meg sjølv nynnande på denne songen.

Sitatet frå songen er henta frå eit vers i evangeliet etter Johannes, og er eit kjerneord i den kristne trua. I ein del bibeloversetjingar er ordet "myndigheit" brukt i staden for "makt." Altså, rett og slett autoritet.

Ein mann i politiuniform representerer ei makt og ein autoritet med rettar langt utover eigen personleg mynde. Han er ikledd autoritet frå det kongeriket som han representerer ved å bera uniforma.

Ein person som tar imot Jesus får autorisasjon til å bera ei uniform som gir rett og makt inn i Guds rike. Ein ber ei usynleg autoritetsdrakt med rett til å vere kongens barn, arving og forvaltar. Dette skjer ved å ta imot Jesus i tru.

Veke 40

"En sovende kjempe?"

Dagleg leiar i Oase, Einar Ekerhovd, reiser dette spørsmålet i siste nummer av fornyingsmagasinet "OASEN." Her er eit sitat frå leiaren: "Troen må få betydning på en helt annen måte i våre liv og vårt samfunn. Vi er et folk, en kirke, som taler om Gud, tror på Gud, men regner egentlig ikke med Han i det daglige. Vi har alt vi trenger. Vi er en sovende kjempe, vi er en seilbåt med lite vind i seilene. Men det kan det gjøres noe med. Gud kan vekke sin kirke, Gud kan sende Den Hellige Ånd som en vind som tar tak."

Vi treng å be om at Gud gjer dette blant oss. At Han vekkjer oss opp til forbøn for land og folk. Lat oss saman be om at Gud sender ut arbeidarar til å hauste inn grøda si.

Veke 39

Eit passord for framtida

Denne veka kunne vi lesa om astronomar som var "heilt i skyene" over funnet av ein til no ukjend planet, Gliese, der det heilt sikkert ville vera muleg for menneske å leva og bu. Med normaltemperatur på 30 grader ville ein korkje koke eller fryse. "På tide, når kan vi flytte?" var ein av kommentarane til "the good news." Eit par små skjær i sjøen gjer at eg framleis har beina godt planta på jorda. Planeten ligg 20 lysår borte, og i motsetning til jorda, snurrar den ikkje rundt sin eigen akse. Det betyr at på den eine sida av planeten er det konstant dag, og på den andre sida er det konstant natt. I grunn praktisk med litt rotasjon, spør du meg:-)

"Ja, så seier Herren, som skapte himmelen, han, den einaste Gud, som laga og forma jorda og gjorde hennar grunnvollar faste, som ikkje skapte henne til eit audn, men laga henne til bustad for folk: Eg er Herren, og ingen annan." (Jes. 45, 18)

Veke 38

Jesus - gourmet i særklasse.

Det må ha gått eit lys opp for Peter, den dagen då han kom med følgjande utsagn til Jesus: "Du har det evige livs ord." (Joh. 6, 68) Peter kom med desse orda etter at mange av dei som følgde Jesus hadde trekt seg unna, nettopp på grunn av ord. "Dette er harde ord, kven kan høyra på slikt?" (Joh. 6, 60)

Jesus hadde nettopp undervist om himmelsk mat som varer evig, og om jordisk mat som forgår og vert brukt opp. Alt dette kan vi lesa om i det 6. kapitlet i Johannes evangelium. "Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som menneskesonen skal gje dykk." (v. 27) "Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv." (v. 33) Det høyrest ut som om Jesus talar i åndelege bilete, eller? Men utover i kapitlet blir Jesus meir og meir konkret. Han seier om seg sjølv: "Eg er livsens brød. Den som kjem til meg skal ikkje svelta, og den som trur på meg skal aldri tyrsta." (v. 35)

Veke 37

Vak og be!

Har du erfart det same som eg har erfart? Nemleg at menneskenaturen er veik? Det hender faktisk at eg vert trøyt og søvnig når eg skal be. Og det er plutseleg så mykje anna som vert viktig å gjera når eg skal ta ei stille stund med Gud.

Om ikkje du kjenner deg igjen, er eg likevel i godt selskap. Læresveinane til Jesus fekk merka dette, alle som ein, då dei skulle støtte og hjelpe Jesus i ei kritisk natt i Getsemane. Og dei sovna på vakt, heile gjengen. Trass i at Jesus fleire gonger vekte dei og ba dei skjerpe seg.

Å vake betyr å vere på vakt. Det vil seie å vere førebudd på noko som skal skje. Jesus gir nærast eit påbod til læresveinane om å vake og be. Både i undervisning før hendinga i Getsemane, og særleg denne natta då det viktige slaget om frelse for alle menneske vart avgjort.

Veke 36

Tilflukt i evige armar

Sjå bilete for deg: To utstrekte armar. Inviterande armar. Beskyttande, med kjærleg omsorg. Kanskje eit barndomsminne? Far eller mor? Eller du tenkjer på ein god ven? Kanskje ein kjæraste eller ektefellen din? Det kan vere mange som passar i den rollen. Men mest av alt: Slik er din himmelske Far!

Det er få ting som er viktigare for meg som menneske enn vissa om ein plass der eg kan søkje tilflukt. Ein kvileplass. Ein fredfull hamn. Ein plass der eg kan gøyme meg. Ein plass der ingen kan skade meg, fysisk eller mentalt.

Kanskje du skulle prøve å sei til deg sjølv i dag: "Han er mi tilflukt." Sei det om att, heilt til det når botnen i sjela di. Til du er sikker. Til frykt har bytta plass med glede og jubel. Tilflukt i evige armar.

"Ein bustad er den eldgamle Gud, her nede er hans evige armar."
(5. Mos. 33, 27)

God helg!

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

Sider