Artikler

Veke 35

Sterk tru, kva er det?

Trua kan så lett bli innovervendt, mot meg sjølv, mot mine eigne prestasjoner i å vere sterk i trua. Ei slik tru kan ofte gjere meg motlaus, og eg vert lett kritisk og vurderande. Trur eg nok? Er eg sterk nok i trua? Er eg gjennomført heilstøypt, udelt og harmonisk i truslivet mitt?

Eg har funne ut at den sterke trua er i mindre grad fokusert innover mot meg sjølv. Den som er sterk i trua er ikkje så opptatt av seg sjølv, men er derimot veldig fokusert og opptatt av Gud. Då kan trua bli sterk, i rett forstand. Når alle dei mange løftene frå Gud får plass i tanken og sinnet mitt, kan trua på Gud byggjast sterk i meg. Og det er Gud som skaper denne trua i meg, ved Den Heilage Ande.

"Eg slepper deg ikkje og går ikkje frå deg." Slik står det i Hebrearane kapittel 13 vers 5.

Veke 34

Er det nødvendig med etterfylling i det åndelege livet? Treng vi åndeleg påfylling i kvardagen? Eg trur det. Kvifor? Fordi vi lek. Dagleg samfunn med Jesus er nødvendig for at ikkje det åndelege livet skal turka inn. I alle fall er det slik for meg.

I sommar var eg på Oase i Fredrikstad. Det vart nokre gode dagar med åndeleg påfyll. Og i etterkant har eg høyrd på taler og undervisning som eg ikkje fekk med meg der og då. Eit av seminara handla om bøn. Om å vere saman med Jesus i kvardagen. I motgang og i medgang. Dette vart til ny inspirasjon for meg i mitt daglege åndelege liv. Det vart liksom ikkje så vanskeleg å få det til.

Veke 33

Guds rike på frammarsj!

Når ein gullsmed skal undersøkje ein diamant, vert diamanten ofte lagt på eit svart underlag av fløyel. Dette gjer han for at glansen og kvaliteten i diamanten skal verte tydeleg. Her kan vi tenkje oss ei overført meining til det kristne fellesskapet. Dei mørke forholda i verda kan vere eit bakteppe for menigheten, der Guds rike kan få verke med strålande glans og kraft.

Likninga om surdeigen illustrerer den umerkelege, men overveldande innflytelsen Guds rike har i ein kvar situasjon det slepp til. Gjennom historia har vi sett at Gud elsker å demonstrere sitt rike i dei mørkaste omstende og situasjoner ein kan tenkje seg.

Veke 32

GUD ER GUD!

Dette var tema under sommerOASE i Fredrikstad. Gud er Gud. Han er mektig. Han er stor. Han er uendeleg. Han har skapt alt. Han lever. Han er nær. Han er alltid til stades, alle stader.

Gud er Gud. Og menneske er menneske. Menneske lever. Menneske døyr. Men Gud lever. Han er evig. Og Han inviterer døyelege menneske inn til evig livsfest saman med seg. "Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus." (Joh. 17, 3)

Det gjeld å finne nøkkelen. Nøkkelen til døra inn til livet. Svaret ligg i bibelordet. Vi må søkje denne eine Gud, og han som vart sendt av Gud, og lære Han å kjenne. Still fokus.

Veke 25

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Livet er ei gåve. Og livet i Noreg er ei ekstra stor gåve. Igjen er landet vårt kåra til verdas mest stabile land. Vi lever på ei grøn og frodig grein. Fantastiske levekår!

No står sommaren for døra. Mange får sin velfortjente ferie no. Og med ferie kjem kreativ livsutfalding. Hobbyar og interesser kan pleiast, og ferielivet inviterer oss til kvile og avslapping heime og på reise. Vi får god tid til oss sjølv. Dette skal vi ta godt vare på, og det er ein del av det gode livet som vi får leve i Noreg.

Også i ferien utfordrar Jesus oss til å leve i fellesskap med han. Ferien kan vere ei særleg god tid til å lese i Bibelen, få ny inspirasjon i kristenlivet og aktivt søkje åndeleg fornying. Og vi er også kalla til å vere eit kristen fellesskap i ferien. Det kan vi vere ved å be for kvarandre og å pleie sosiale relasjonar med kvarandre.

Veke 24

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

I går kveld hadde vi gruppeleiarsamling. Ei fantastisk flott samling, med fantastiske medarbeidarar! Ja, dei beste medarbeidarar ein kan tenkje seg til å leie husgruppene i fellesskapet! Og vi gleda oss saman over alt det positive og gode som skjer rundt omkring i gruppene. Og det er svært mykje å gleda seg over! Takk til dykk alle som tar del i fellesskapet. De er alle verdifulle medarbeidarar i Guds rike! Eg er takksam og veldig inspirert og glad i dag!

Veke 23

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

På heimesidene til Norkirken Nordhordland kan du finne forskjellig viktig informasjon. Her finn du for eksempel semesterplan, og du kan laste ned ein bønekalender. Bønekalenderen er ein fin ressurs å ta med seg, enten den ligg i Bibelen, i andaktsboka på kjøkkenbordet eller i hanskerommet når du reiser på bilferie.

I bønekalenderen finn du, i tillegg til forslag på konkrete bøneemne, eit dagleg bibelord. Og her er mange gullkorn å finne. I dag, på den 11. dagen i månaden, kan vi lese nokre utfordrande og tankevekkande ord frå Johannes evangelium. Ord om eit oppdrag. Løfterike ord. Og eit påbodsord.

”De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre.” (Joh. 15, 16 – 17)

Veke 22

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

I desse dagar kan vi sjå korleis naturen prisar sin skapar. Nytt liv spirer og gror, og fuglesangen lyder sterk og liflig i skogen. Heile naturen tilber Herren.

”Fyll hele jorden med lovsang, opphøy Herren med alt hva du har. Fienden bare skjelver når vi overalt frimodig opphøyer Far. Fyll hele jorden med lovsang, også fjellene skal juble en gang. Og trærne skal klappe i hendene, hele jorden skal fylles med lovsang!” (Jonnie Slottheden)

Også mennesket er skapt for å tilbe. I særklasse. Med eit utvida repertoar av ord, tonar, musikk, vilje, kjensler, hjarte, forstand og livsgjerning. Alt som i meg er, skal tilbe Herren.

Veke 21

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

I dag vil eg skrive om "kjærleiken."

Jesus rangerer menneske langt høgare enn alle materielle verdiar. Og han bruker ordet kjærleik for å setja ord på verdien av eit menneske. Gud elskar menneske. Jesus elskar menneske. Og han oppfordrar oss menneske til å elska kvarandre.

”Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik. De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.” Slik kunne Jesus ordleggja seg. Han var kompromisslaust opptatt av godheit og kjærleik til menneske, og han var ivrig opptatt av å framelska kjærleiken menneska seg imellom. Når han fekk spørsmål om å samla boda i ein sum, var svaret grunda på kjærleiksidealet; å elska Gud og å elska menneske.

Veke 20

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Kva gjer Den Heilage Ande? Har du tenkt over at den Anden som arbeider i oss i dag er den same Ande som verka i Jesus og i disiplane hans?

Den Heilage Ande er ikkje blitt tappa for kraft gjennom kyrkja si historie, sjølv om kyrkja (Guds folk) i perioder ser ut til å ha mista noko av krafta frå Den Heilage Ande. Kva gjer Anden i dag? Og kva må vi kristne gjera for at Andens verk skal få større gjennomslagskraft i oss?

Eg har ikkje tenkt å gi noko raskt og enkelt fasitsvar på desse spørsmåla. La oss heller gå inn i pinsehelga i ettertanke, bøn og søken etter meir av Gud i liva våre; meir av Den Heilage Ande. Og lat oss samlast i Guds namn, og finne ut meir om kva Den Heilage Ande gjer i oss og mellom oss.

Den Heilage Ande har ei gjerning som han ønskjer å utføre i deg og i meg. Han vil svært gjerne vere verksam med si kraft gjennom sine disiplar i dag, nett som for 2000 år sidan.

Sider