Artikler

Veke 19

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Det er mykje snakk om verdiar og pengar i verdsøkonomien for tida. Fleire land opplever store økonomiske utfordringar og finanskriser. Beløpa som vert omtala i media er svimlande. Vi klarer ikkje å fatte omfanget av verdiar og pengesummar som må til for å løysa problema. Denne veka har regjeringar i EU etablert eit gigantisk krisefond som skal hjelpe vanskelegstilte land i Europa.

På søndag hadde vi oppe ein bibeltekst om pengar og verdiar under tema ”På leit etter verdiar.” Ei kvinne hadde mista ein sølvpeng. Ein drakme med verdi på ca 70 øre etter dagens valutakursar. Men den gangen var sølvpengen verdt ei dagløn for ein arbeidar. Kvinna leita og leita. Tente lys og kosta i alle krikar og krokar i huset. Og ho fann pengen. Så vart det fest og glede. Naboar og venner vart informert om det lukkelege utfallet av leiteaksjonen, og i himmelen – blant englane – braut det ut spontan glede.

Veke 18

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Uthaldande forplikting. To ord som handlar om karakter. Å halde fast på eit løfte over lang tid. Å ikkje gi opp, sjølv om utfordingane er store. Å gi seg til noko ein har tru på, også når den første begeistring har lagt seg. Å overgi seg til ei sak som er større enn meg sjølv og mitt eige liv.

Men ikkje berre karakter. Lidenskap er ein stor fordel når ein skal satse på eit engasjement som skal vere livslangt. Karakter kan samanliknast med ein god og solid motor. Men lidenskap er drivstoffet som skaper framdrift og entusiasme. Lidenskap er nødvendig for å overgi seg heilt til eit oppdrag eller ei sak.

Veke 16

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Heime på Tysse, der eg vaks opp, er det mange bratte lier og høge fjell. Eg var ofte på tur oppover i fjella, og utsikten over Samnangerfjorden er upåklageleg når ein kjem eit stykke opp i lia. På veg opp til ein plass som vi kalla Smådalen, var det laga til ein kvileplass, med ein steinbenk til å sitje på, midt oppe i lia. Denne plassen kalla vi Sjåheim. Sjåheim var sjeldan målet for turen, men likevel ein veldig viktig plass å stoppe på undervegs. Her kunne eg kvile kroppen, ta ein sjokoladebit og hente inspirasjon i den flotte utsikten over bygda og heimen som låg der nede.

Jesus minner oss om at det finst åndelege rasteplasser undervegs i livsvandringa. Plassar der vi kan finne kvile, hente inspirasjon og få nye krefter. I dag vil eg minne om ein slik plass. Ta ein stopp her, og kjenn at livet ikkje berre tappar ein for krefter, men også gir nye krefter.

Veke 15

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Denne helga vil eg minne om nokre ord som står i ei lita profetisk bok, som vi finn heilt mot slutten av Det gamle testamentet. Boka, som berre har 3 kapittel, inneheld ord av profeten Sefanja. Han hadde sitt virke ca. 600 år før Kristus i Juda riket, med Jerusalem som hovudstad. Mange av orda hans er veldig strenge, og akkurat det har nok sin grunn i at nasjonen på denne tida var i fullstendig moralsk og religiøst forfall. Men mot slutten av boka, i det tredje kapitlet, står det nokre milde og oppløftande ord om håp for framtida. Desse orda kan vi i dag lese i lys av påskeevangeliet og dei hendingane som fann stad meir enn 600 år etter at orda var profetert av Sefanja.

Veke 14

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

”Oppstått er Jesus, hurra, hurra! Han lever, han lever, han lever nå!” (Margareta Melin)

Korset har ein horisontal og ein vertikal planke. Det har nesten form som eit plussteikn. (+) Korset er Guds plussteikn for alle menneske. Jesus døde for deg og meg på korset. Korset opnar vegen tilbake til fellesskap med Gud. Ein døde for alle.

Veke 12

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Korset er sentrum i den kristne trua. Det minner oss om Jesu død for deg og meg. Og det minner oss om det største problemet for oss menneske; synd. Alle mennesker har synda, og konsekvensen av det er døden. Derfor er korset sentralt. Her døde den eine for alle. Han som var utan synd tok all verdens synd med seg opp på eit kors. Her vart vegen tilbake til livet med Gud opna for alle menneske. ”Det er fullført,” var Jesu siste ord på korset.

Konsekvensen av synd er fortsatt til stades og svært synleg i verda, også i dag. Vi ser det rundt oss, og vi kjenner det i eige liv. Og mange lever midt i eit inferno av vald, urett, sjukdom og død ved inngangen til denne påskehøgtida. Livet er ein kamp mot dødskreftene, og framtida ber i seg mørke fargar av håpløyse.

Veke 11

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

”Livet er ingen dans på roser.” Eller, var det motsatt? Uttrykket kan fort bli klisjé utan djupare innhald. Vi bruker det nokså generelt og lettvint. Uttrykket ”å danse på roser” kan heilt sikkert vere god symbolbruk for livet. For skulle du i rein og skjær livsglede få lyst til å prøve dette ut i praksis, vil du fort oppdage ein tilleggseffekt til gledesrusen. Etter eit par glade dansesteg kjem du garantert til å tråkke på tornar. Og då blir livet vondt.

Sorgen og gleden de vandre tilhope,
Lykke og ulykke ganger på rad,
Medgang og motgang hverandre tilrope,
Solskinn og skyer de følges og ad.
(Thomas Kingo)

Veke 10

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Tema for storsamlinga førstkomande søndag er ”På leit etter disiplar.” Teksten som vi skal hente inspirasjon frå, står i Lukas evangelium kapittel 15, vers 1 – 7. Eg vil oppfordre til lesing og meditasjon over heile dette kapitlet i Bibelen. Det er nemleg eit fantastisk kapittel!

I Lukas 15 kan vi lese tre likningar som Jesus fortalde. Alle tre omhandlar same tema: Ein Gud som er på leit. På leit etter verdifulle menneske. Og alle menneske er svært verdifulle! Alle er inkludert i Guds tanke og omsorg. Ingen må stå åleine utanfor. Dei som har gått seg bort må reddast. Dei som har rota det til for seg, må få ein ny sjanse. Dei som er forsvunne må finnast. Alle ressursar må setjast inn i Guds store leiteaksjon.

Det er Guds store, bankande hjarte for alle menneske som vi møter i Lukas 15. Vi møter ein kjærleik som er grensesprengjande og total. ”For så høgt elska Gud verda…..”

Veke 9

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

På søndag hadde vi storsamling med tema ”Troens vitnesbyrd.” Dette er eit spennande og utfordrande tema. Vi kan lett hamne i eit uføre her, ved å tenkje at dette handlar om oss sjølv, og vår sterke tru. Då vert trua prestasjonsorientert, og kristenlivet vert for dei som ”får det til.”

Trua sitt vitnesbyrd er ikkje eit meisterskap i kven som kan flytte størst fjell, eller kven som har den sterkaste trua. Vitnesbyrdet, som eg skal få lov å dele med andre, handlar først og fremst om mitt personlege møte med den levande Jesus Kristus. Vitnesbyrdet mitt handlar om at Jesus kom til jord, døde for meg, stod opp igjen og lever i dag. Og Han lever, ved trua, i meg og mitt liv!

Veke 8

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh. 3, 16)

Gud vil at alle menneske skal verta frelste. Det ligg ein djup kjærleik bak dette ønskje. Kjærleiken til verda er utgangspunktet for Guds handlande redningsaksjon. Ein grensesprengjande, altomfattande kjærleik. Alt vi treng for å overvinne og overleve synd, vondskap og død vert gitt oss i ”ei pakke.” Her kan vi verkeleg snakke om tidenes gåvepakke. Gratis av berre nåde.

Sider