Artikler

Veke 7

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Tru er sterke saker. Og samtidig noko sårbart og skjørt.

Det er lett å tru når livet er dans på roser. Eller, er det eigentleg det? Kan ikkje trua lett verta overflatisk i medgangstider? Mange kan vitne om at det var i tider med motgang og krise at trua fekk djupare feste. Slik har det og gjerne vore for meg. I motgangstider har trua pløgd seg djupare i det åndelige livet. Eigen svakheit har vorte Guds styrke og muligheit inn i livet mitt.

Veke 6

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Vi har fokusert mykje på bøn den siste tida. Det trur eg er viktig og nødvendig. På søndag har vi Storsamling med bønnevandring. Vi skal få koma med alt vårt. Det som er godt og det som er vondt. Det som er fullt av glede og det som er vondt, vanskelig og leit. Vi får komme med sjølve livet. Slik vi kjenner det og opplever det. Gud tar oss på alvor, også kjenslene våre. Han forstår oss, og han har tid for oss.

Eg har nokre gode minner frå barndomen. Om leik, fart og moro. Høgt og lavt og mykje leven. Men når kvelden kom, var det godt å finna armkroken til far eller bestefar, og bli lest for og berre sitje stille. Kvile og lytte. Kjenne tryggleiken og freden som senka seg. Bli god og trøyt i kroppen, og rett og slett finne roen.

Veke 5

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

"Det er makt i de foldede hender,
i seg selv er de svake og små.
Men mot allmaktens Gud du dem vender:
Han har lovet at svar skal du få.

Det er svar underveis, engler kommer med bud.
Om det drøyer, det fram dog skal nå.
For det lovet jo løftenes trofaste Gud:
Kall på meg, og du hjelpen skal få!"
(Trygve Bjerkrheim, 1955)

Denne helga arrangerer vi seminar med tema samtale og forbøn. Det er mange som opplever at det gjer godt å få snakke med, og be saman med, eit medmenneske om problem, sjukdom og andre ting i livet som er strevsamt. Det er ofte godt å dele bekymring og smerte med eit menneske som har tid til å lytte. Og det er fantastisk å få løfte av tunge bører i bøn til den allmektige Gud.

Veke 4

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Kvar har trua sitt ankerfeste? Er det i eigne kjensler og livserfaringar? I tifelle kan vi fort drive av. Å kaste anker inne i eigen båt er dårleg sjømannskap. Også i det åndelege livet. Vi treng eit fast ankerfeste utanfor båten som held gjennom vindstille, flau vind og full storm. Guds ord er dette trygge ankerfeste. Her finn vi fast grunn til å ankre opp trua.

I år 2000 skreiv og komponerte mor Haldis og eg eit musikkverk med tittelen ”Alle våre dagar.” No vert dette verket gitt ut på Cantando Forlag. Eg har tidlegare hatt songane heime til korrekturlesing, og her om dagen fekk eg tilsendt ferdig notehefte. Eg vart sitjande ved pianoet og syngje meg gjennom songane i heftet, og eg stansa særleg med nokre strofer frå ein av songane:

Veke 3

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

I dag vil eg minne om dagens viktigste måltid: Bibelen – Guds ord. ”Guds ord er mat. Den som spiser den, hungrer enda mer etter den. Vi skal holde Guds ord herlig og høyt som en allmektig kraft. Den som har det, har og kan alt.” (Luther)

Utan Guds ord dør vi. I det åndelege livet. Langsamt og umerkeleg. Dei fleste menneske vil erkjenne at dei har i seg ein lengsel etter noko som kan gi kjensle av indre ro, lukke og fred. Mange kan vitne om at Guds ord fyller dette tomrommet, og gir livet nye dimensjonar og djupare meining. Og det er vel ikkje så merkeleg? For i Guds ord møter vi Jesus, han som er Ordet, og som seier om seg sjølv at Han er livets brød. Han er den oppstadne og levande Meister, som tar aktivt del i våre liv. Og han er der, i Ordet, og vi finn Han når vi søkjer Han.

Veke 2

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Visdom kan vere god bagasje å ha med i livet. Bibelen taler mykje om visdom og kunnskap. Visdom som gir oss kunnskap om viktige ting og forhold i livet. Paulus skriv om visdom og openberring, så vi kan lære Gud å kjenne. Ikkje berre kunnskap om – men også kjennskap til – Gud.

Du treng opplysning utanfrå deg sjølv for å få innsikt i kven Gud er, og kva Han betyr i ditt liv. Gud har skapt deg for ei meining og ei hensikt. Du er ikkje tilfeldig. Du er spesiell. Du er elska av Gud, og Han vil gjerne ha eit forhold til deg. Dette kan du lese mykje om i Bibelen. Her finn du visdom og kunnskap om desse viktige tinga.

Livet er meir enn eit kort pust i tida. Du er kalla til eit framtidshåp som strekkjer seg inn i det evige. Det er håp for di framtid! Gud har gode tankar for deg og ditt liv, uansett kva prøvingar og problem du måtte treffe på her i livet.

Veke 1

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

”Om eg var ein rik mann, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.
Dreiv eg berre di-del du-del dank, om eg var ein halden mann.
Slapp det tunge slitet, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.
Om eg var en bi-di bi-di rik, dig-ge dig-ge di-del du-del mann.”

(Frå musikalen ”Spelemann på taket”)

Januar er tida for årsoppgjer, rekneskap og finpussing på nye budsjett. Mange drøymer om større rikdom og meir pengar å rutte med. Ein tenkjer gjerne at dette er synonymt med lukke og ubekymra liv.

Veke 53

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Det har vore fantastiske vinterdagar i jula. Nysnøen ligg som eit kvitt teppe over landet. Det er noko litt symbolsk over den reine, kvite snøen som dekkar skog, plenar, hustak og landevegar no ved nyttår.

2009 ligg bak oss. Jubel, glede og oppturar. Smerte, tårer og nederlag. Ei blanding av godt og vondt, livsglede og livssmerte. Slik er det for mange. Då kan lyset av den kvite snøen i dag få minna oss om ein åndeleg røyndom i livet: Nåden er ei kvit og rein kappe som vert gitt til oss, gratis, av Gud. Nåden dekker alt! Både for året som gjekk, 2009. Også for året vi i dag stig inn i. Fredag 1. januar 2010. Og for kvar dag som kjem:

”Akkurat her er din nåde. Akkurat her er din fred. Akkurat her er din Hellige Ånd. Akkurat her. Akkurat nå.”

Eller som Haldis Reigstad skriv i diktet ”Nåden”:

”Jesus seier mildt til meg: Nåden min er nok åt deg. Han har gjort meg glad og fri. Nåden kan eg kvila i.”

Veke 51

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

”Julestemning, juleglede,
julefred i alle sinn
Julens gjest er selv til stedet,
far og mor Ham lukket inn
La meg være fri i kveld
La julesangens gamle tone
mildne og forsone såret sinn.” (Fra Fangens julekveld – Garness)

”Har du julestemning?” ”Nei, det er mange år siden eg hadde det,” var det kontante svaret. Gjennom mange strevsame år hadde den barnlege gleda og den sitrande forventninga langsamt runne ut av kjenslene. Ein treng ikkje vere innsett fange i fengsel for å kjenne på det såre, det tunge og det vanskelege som levd liv har påført sinnet. Det er eit tankekors at nettopp julehøgtida er den vanskelegaste tida for mange, både unge og vaksne. Vi bruker veker på å førebu oss til det som skulle vere eit høgdepunkt av glede, jubel og feiring med familie og vener. Og så er det likevel så mange som slit når sjølve julehøgtida skal nytast.

Veke 50

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Det er Nobeldagar i Noreg og Sverige denne veka. Og i går vart fredsprisen utdelt i Oslo til verdas mektigaste mann, den amerikanske presidenten, Barack Obama. Eit stort ansvar kviler på hans skuldre, for det er framtida som vil vise om denne fredsprisen var ei rett og god tildeling. Men vi treng ikkje tvile på at Obama har store tankar, visjonar og mål for fredsarbeidet i verda. Og no har han blitt tildelt rolla som den fremste fredsfyrste mellom leiarar for folk og nasjonar. Og det er ikkje laurbær frå fortidas fredsbragder men ansvar for framtidas fredsresultat som kviler på Obama sine skuldrer.

Sider