Artikler

Veke 43

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

"Guds nåde varer livet ut"

Dette er overskrifta på Salme 30 i min bibel. Innhaldsrike ord, og herlege ord for tanke, hjarte og sjeI.

I strevet vårt etter å leve så godt vi kan, kan vi lett falle i denne grøfta: Nåden blir ein teori for tanken utanfor det praktiske livet.

Vi dømmer oss sjølv hardt. Tanken om å leve rettferdig er snublande nær oss. Det er hardt å innrømme konkrete feil, og ikkje minst konkrete synder. Vi er livredde for å tape ansikt. Det kan skade folk sitt inntrykk av oss, vi kan miste status, og vi kan havne utanfor det gode selskap. Og vi trur at folk liker oss på grunn av det vi gjer, og ikkje på grunn av den vi er.

Det er lett å tenkje slik også om forholdet mitt til Gud. Eg kan leve i den missoppfatninga at så lenge det går rimeleg greit, har eg god sjanse til å verta frelst og få evig liv til odel og eige.

Veke 42

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Eit lite, stort steg.....

"I dei siste dagar skal det henda, seier Gud, at eg renner ut min Ande over alle menneske." (Apgj. 2, 17)

Gud er aldri langt unna eit menneske i vår tid. Vi lever i dei siste dagar, og Anden er verksam over heile jorda. Vi tenkjer kanskje at det er så umuleg for folk å finna fram til Gud. Men Gud har gjort det enkelt. Det er vi sjølv som ofte kompliserer tinga i vår tanke. Og Den heilage ande ønskjer å hjelpe menneske til tru på Jesus.

Dei to røvarane, som vart korsfesta saman med Jesus, hadde begge like dårlege odds. Dei fortente si straff på grunn av sine gjerningar. Livet var ferdig levd, og ingen ting kunne rettast på. Evigheten stod for døra, og utfallet var gitt. Men i siste øyeblikk kjem den eine med ei erkjenning og eit hjartesukk: "Jesus, husk på meg...." Det endra hans destinasjon for evigheten. Han vann paradis - på ein utpust.

Veke 40

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Vi har sett bileta på TV dei siste dagane. Jordskjelv i Indonesia. Tyfon og flaum på Filippinene. Menneske i stor naud. Og mennesker som hjelper kvarandre så godt dei kan.

I går sendte Åshild oss eit oppdateringsbrev frå Noralv og Tone, som arbeider nesten natt og dag med å hjelpe flaumofra på Filippinene. I brevet skriv Noralv: Med to lastebiler fullastet med mat, har vi i dag gitt hjelp til 500 familier. Det er viktig at nødhjelpen når fram til de som trenger det mest. På denne måten kan vi hindre motløshet og sykdom.”

Veke 39

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Lukas 15 er eit fantastisk kapittel. Det avspeglar Guds hjarte for kvart einskild menneske. Gjennom tre likningar får vi innsikt i ein grensesprengjande kjærleik frå Gud til menneske.

Alle dei tre forteljingane har GLEDE som mål. Ordet ”glede/glad” er nemd heile 8 ganger i dette korte kapittelet på 32 vers. (I gjennomsnitt kvart 4. vers…) Og alle forteljingane munnar ut i storslått feiring, fest og glede. Gud blir glad, engler gler seg og menneske blir glade. Kva er det som utløyser så mykje jubel og glede?

Dersom du mangler oppstemt glede i livet, finn du oppskrifta i Lukas 15. (Det er berre til å gå i gang og prøve det ut:-)

”Og når han har funne han, vert han GLAD…” (v. 5)

GLED dykk med meg!” (v. 6 og 9)

”… større GLEDE i himmelen…” (v. 7)

”… GLEDE mellom Guds englar…” (v. 10)

Veke 38

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Eg veit at ein del folk i menigheten driv og pugger bibelvers. Eit vers i veka. Det kan vera god hjernetrim, og ikkje minst nyttig. Ord som vi lærer utanat har ein tendens til å dukka opp att når vi treng dei. Og Den Heilage Ande bruker ofte vårt kunskapsregister når han kjem med si milde, kviskrande stemme.

Jødane måtte pugge heile lova og alle buda i Skriftene. Jesus kom, og han samla innhaldet i boda til to enkle sanningar som er lett for oss å lære og å huske: ”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.” (Luk. 10,27)

Blir du med på ei puggehelg? Tipper du kjem til å klare dette bibelverset utan å måtte droppe alle andre helgeplanar….

Veke 37

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Jesus seier:Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!” (Joh. 14, 27)

Ta til deg orda. Du er mottaker, og HAN er givaren! Fred er ei av dei åndelege fruktene som vil modnast fram i det nære samlivet ditt med Jesus. Takk Han for det i dag!

I dagens bibelord ligg det og ei utfordring til oss. Vi skal sjølv få vere ein reiskap for Jesu fred: I heimen vår, for familien vår, for naboane våre og for kolegaer og mennesker vi møter i kvardagen vår! Vi er Jesu ambasadører, og vi representerer Han blant våre medmenneske. Det er både eit privilegium og eit ansvar. Frans av Assisi har nok kjent på noko av dette då han skreiv bøna ”Et redskap for din fred.”

Veke 36

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

”Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.” (Joh. åp. 3, 20)

I 1988 var eg i Laodikea. (I Tyrkia) Der var det ikkje mange spor etter Laodikea-forsamlinga som Johannes skriv til i kapittel 3, og der var ingen levande kyrkjelyd å besøkje. Var Kristuslivet døyd ut? Hadde ikkje folk tatt til seg dei åtvarande orda om lunka tru, åndeleg synsformørking og feil type rikdom? Var det for vanskeleg å vende om, og finne att sporet inn til livsfellesskapet? ”Alle dei eg har kjær, refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om!” (v. 19)

Veke 35

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Ved frukostbordet i dag hadde tenåringen og eg som vanleg ei lita andaktstund. (Konemor er ute av huset lenge før fuglane står opp. J) Det vart trekt eit mannakorn, og ordet slo imot oss med kraft og styrke. Tankane mine flaug eit år tilbake, til 28. august 2008. På dagen i dag, for nøyaktig eit år sidan, var vi samla til gravferd. Kjære vener hadde mista dotter si, og vi var samla rundt båra hennar i sorg. ”Kjære Gud, ver her med oss!” Den stille bøna vart løfta opp mot kyrkjetaket.

”Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg, og held deg oppe med mi frelsarhand.” (Jes. 41, 10)

”Kjære Gud, ver nær dei i dag!”

Så folda vi to våre hender der ved frukostbordet, og ba ei bøn om mot, styrke og hjelp for nokre gode vener som treng Guds omsorg og nærver særleg i dag.

Veke 34

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

 Kva gjer Den Heilage Ande? På søndag er dette spørsmålet tema i storsamlinga vår. Har du tenkt over at den Anden som arbeider i oss i dag, er den same Ande som verka i Jesus og i disiplane hans? Den Heilage Ande er ikkje blitt tappa for kraft gjennom kyrkja si historie, sjølv om kyrkja (Guds folk) i perioder ser ut til å ha mista noko av krafta frå Den Heilage Ande. Kva gjer Anden i dag? Og kva må vi kristne gjera for at Andens verk skal få større gjennomslagskraft i oss?

Eg har ikkje tenkt å gi noko raskt og enkelt fasitsvar på desse spørsmåla. La oss heller gå inn i denne helga i ettertanke, bøn og søken etter meir av Gud i liva våre; meir av Den Heilage Ande. Og på søndag har vi muligheten til å vere samla i Guds namn, og finne ut meir om kva Den Heilage Ande gjer i oss og mellom oss. Velkommen til storsamling på folkehøgskulen kl. 11:00!

Veke 33

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Her om dagen høyrde eg ein andakt som var tankevekkjande. Tenkte eg skulle dele denne som god-helg helsing i dag. Det handlar om ”GOD JORD.” Andakten tar utgangspunkt i likninga om såmannen. (Matt. 13) Her føgjer sitat frå denne andakten:

”Liknelsen om såmannen er en av de vi kjenner best. Hvor ofte har vi ikke hørt denne liknelsen og sittet igjen med en usikker følelse: Er mitt sinn som den gode jord der Guds ord kan spire og bære frukt? Er det ikke mer slik at bekymringer og overfladiskhet gir en langt bedre beskrivelse av oss enn dette gode og edle som er åpent for Guds ord?

Sider