Kvinnekonferanse

 

Kvinneforum i Nordhordland arrangerer kvinnekonferanse på Nordhordland Bibelsenter siste helga i oktober. Hilde Emberland og Elisabeth Mørk er hovedtalere.

Vil du vite mer om Kvinneforum i Nordhodland kan du ta en titt innom den nye hjemmesiden deres: www.kvinneforumnh.no

 

Det du tankar opp blir du fylt med

    

Har du nokon gong fylt bensin på ein dieselbil? Eller motsatt, diesel på ein bensinbil? Ingen av delene fungerer godt. Begge deler er drivstoff, men det fungerer berre i kombinasjon med rett og tilpassa motor for drivstoffet.

Vi er skapt i Guds bilete, og Gud er god. Vi er skapt og tilpassa til å leva i samfunn med «Den Gode.» Jesus viste oss Guds godleik, og ba oss følgja i hans godleiks-fotspor. Vondskap og godleik fungerer ikkje godt saman. Dei to er fiendar, akkurat som lys og mørke. Det er ikkje plass til begge deler, det eine fordriv det andre. Men lyset har sigra over mørkret, og der det blir tend lys, der vil mørkret bli fordrive.

Korleis kan vi auke vår lukke?

Kven er lukkelegast i verda?

Danskane vart så begeistra for å bli kåra til verdas lukkelegaste land i 2012, at dei oppretta eit ”Institutt for Lykkeforskning.” I ein rapport peikar instituttet på åtte faktorar som har ført til ein lukkeleg befolkning her nord. Dei åtte verdiane er tillit, tryggleik, velstand, fridom, arbeid, demokrati, sivilsamfunn og balanse.

Ord inn i vår tid

Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode!

Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren!

TenTro-oppstart med rekordpåmelding

TenTro er et frikirkelig konfirmantopplegg, som mange menigheter i Nordhordland står sammen om. Samarbeidet, som startet i 2008, har vokst fra år til år, og dette året er det 50 påmeldte ungdommer ved oppstart 25. august. I år har Norkirken hovedansvar for opplegget. Konfirmasjonsdagen er lørdag 25. april 2015.

Les mer om TenTro her: www.tentro-nh.no

Bønn for Irak

Vi vil stå sammen med våre trossøsken i Irak, som i disse dager opplever ekstreme forfølgelser og overgrep. Vi oppfordrer alle kristne til å bruke tid i forbønn for våre brødre og søstre, og til å bidra med hjelp og pengestøtte til organisasjoner som er i posisjon til å hjelpe. Vi vil også utfordre hverandre om å åpne våre hus og hjem for flyktinger som i fremtiden trenger et sted å være og høre til.

Vi har hentet NOEN KONKRETE BØNNE-EMNER FOR IRAK fra hjemmesidene til ÅPNE DØRER. Under finner du en bønneliste med bønneemner for IRAK:

Sammen i Lovsang

I høst inviterer vi alle menigheter og forsamlinger til to kvelder med "Sammen i Lovsang." Vi ønsker å stå sammen med alt Guds folk i kallet til å tilbe og opphøye den allmektige Gud. Kveldene vil bære preg av musikk, lovsang, tilbedelse og bønn. Det vil også bli invitert til personlig forbønn.

Sammen i Lovsang blir på Frekhaug bedehus kl. 19:30, fredag 19. september og fredag 14. november 2014.

Velkommen til nytt semester!

Søndag 10. august starter vi opp etter ferien, med familiestorsamling i Meland Aktiv kl. 11:00. Etter storsamlingen blir det bordfellesskap, med medbrakt korgemat og drikke, og lek og aktiviteter i storhallen for de som ønsker det. Ta med innesko. 

Godhet i Meland

Godhetsveka i Meland er historie, og den er også historisk. For første gang har det vore arrangert godhetsveke, der fokus har vore å organisere hjelp til menneske som ønskjer hjelp til eit eller anna. Deltakarane har vore mange, og frå einskildpersonar og grupper frå ulike menigheiter i Meland har hjelp til det eine og det andre vore utført entusiastisk og etter beste evne. Det varmar å sjå og oppleve gleda hos både hjelparar og mottakarar. La oss håpe at dette berre er starten på ein godhetskultur, som kan utviklast og spreiast i bygdene i Nordhordland i tider som kjem. Stor takk til dei unge initiativskaparane og arrangørane frå Betel, Moldekleiv! Og takk for at de utfordra og fekk med fleire forsamlingar på dette!

Med tro på ferien

Årets sommerhilsen har vi hentet fra Dagen, og det er daglig leder i Tent, Steinar Opheim, som gir oss noen gode råd for sommer- og ferietiden:

Her er tre gode råd til deg som vil ta troen med på ferien denne sommeren. ”Oppskriften” kan brukes selv om du holder deg hjemme.

Pinsefest på Frekhaug

Svein Høysæther2. pinsedag, mandag 9. juni, inviterer vi til felles pinsefest for Norkirken Nordhordland, Norkirken Bergen og alle Normisjons foreninger i regionen. Festen starter med storsamling i storstova på Nordhordland Folkehøgskule kl. 11:00. Vi fortsetter med sosial samling, med leiker, aktiviteter, medbrakt mat og kaffi etter storsamlinga. Europamisjon er tema for dagen, og det blir møte med flere europamisjonærer i løpet av arrangementet.

Identitet

”Jesus er min og jeg er hans, Jesus er kjærlighet.” Slik song vi i ein barnesong for ein del år sidan. Det ligg mykje god kunnskap, visdom og uttrykk for kjensler i denne songen. Vissa om å høyra til. Vissa om å vere elska. Og den gode vedkjenninga om å gi seg over til kvarandre.

17. mai fest 2014

Velkommen til 200 års-jubiléumsfest på Nordhordland Folkehøgskule, laurdag 17. mai kl. 19:00! Det blir eit flott festprogram og god, tradisjonsrik mat og drikke. Det er ein tverrkyrkjeleg komité som har ansvar for arrangementet, og invitasjonen går breitt ut til lag, organisasjonar og forsamlingar.

Pris Herren!

Pris HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn. (Salme 136,1)

Det er mai, med vår og fint ver. Lyse og lange dagar. Fuglesong og nytt liv i naturen. Og vi feirer 200 års grunnlovsdag! Takk for landet vårt. Takk for fridom og demokrati. Pris Herren, for han er god!

I samband med 17. mai, vil vi invitere til felles LOVSANGSKVELD, for alle grupper og forsamlingar, som ønskjer å prise og takke Herren for landet vårt, og for hans godheit og miskunn mot oss. Dette skjer torsdag 15. mai kl. 19:30, på Frekhaug bedehus. Få med deg mange venner hit denne kvelden, så lar vi det bli vår felles lovsangsfeiring og hyllest til Herren. Arve Reigstad med team leier kvelden. Velkommen!

 

Nytt liv i våre liv

”Jula varer heilt til påske,” heiter det i eit utrykk. Dette inspirerer meg til fleire ordspel. Vi kunne til dømes seie ”Påske varer heilt til pinse,” eller enno meir omfattande; ”Påske varer heile året.” Poenget er dette: Dei kristne høgtidene fortel om Guds handlingar inn i våre liv, handlingar som radikalt forandrar våre liv, og har verknad gjennom heile året, ikkje berre i sjølve høgtida.

I dag hjelper Herren!

”Gårsdagen er forbi. Morgendagen har ingen sett. Men i dag hjelper Herren.” (Visdomsord)

Kanskje tenkjer du at orda ovanfor er henta frå Bibelen? Akkurat som ein nyfrelst vitna om på eit møte. Han siterte refrenget på Prøysen sin song ”Du skal få en dag i mårrå…,” før han så la ut for forsamlinga: ”Eg veit ikkje om dette står i Det gamle eller Det nye testamentet, men eg er i alle fall sikker på at det var Paulus som sa det.”

Mannen som forandret verden

Boka "Mannen som forandret verden" er ei samanfatning av dei fire evangelia, Matteus, Markus, Lukas og Johannes, der du kan lese historia om Jesus kronologisk. Den er basert på ein "Easy to read bibel version" og egnar seg godt for alle aldrar. Den er lita og lett å ta med, og lett å dele med andre. Denne boka gir ei heilt ny leseoppleving, utan vers og kapittelinndeling.

Boka er tilgjengeleg i Norkirken, og du kan ta kontakt dersom du ønskjer ei bok, gratis, til deg sjølv eller til å gi til andre. Boka er veldig lettlest, og gir ei spennande og god innføring i livet til mannen som forandra verda, Jesus Kristus.

Saltet på jorda

Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild. (Kol. 4, 6)

”De er saltet på jorda,” sa Jesus ein gong han tala til disiplane sine.

Det er mykje vi kunne seia om salt,  men her vil eg nemna to ting som er viktig i vår tid, overført til det kristne livet.

For det første finst det mykje godt salt som er stabla bort i øskjer, skuffer og skåp. Det finst mykje salt lagra på saltbøsser. Men saltet får først sitt verknad når det blir spreidd og dryssa ut på dei områda det skulle utføra sin verknad. Å vera kristen betyr å skapa påverknad ute blant folk, i kvardagslivet; på jobben, i familien og i fritida. Kristenlivet må levast sterkt, ope og ute i samfunnet i kvardagen, og ikkje berre inne i den lukka kristne forsamlinga om søndagen.

Å gjera det gode

”Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.” (Gal. 6, 9 – 10)

Verdiar er lurt å tenkja gjennom. Kva verdiar ønskjer eg skal vera grunnlag for mine val og min måte å leva på? Min livsstil, og mi åtferd i møte med andre, blir nemleg prega av mine verdiar, sjølv om eg ikkje alltid reflekterer så mykje over dei.

Det fell seg ikkje alltid naturleg og lett å gjera det gode. Det blir gjerne eit aktivt val frå gong til gong, frå situasjon til situasjon. Vi er på botn og av natur nokså sjølvopptatte og egoistiske. Det er lettare å oversjå enn å sjå. Det er snarare, gjerne ubevisst og utan å ville det, å ekskludere enn å inkludere. Og det er meir behageleg å unnlate å gjera, enn å gjera ei god gjerning for andre.

Eit kall til å velsigna

Guds kjærleik er for alle. Den er tilgjengeleg for alle. Vårt kall som kristne er å dele Guds godheit med våre medmenneske. Det er ei forvaltaroppgåve. Vi er ikkje kalla til på vere Guds politi, og dømme over andre menneske sitt liv.

Men vi skal forkynne Guds ord reint og klart, og ikkje gøyme bort dei orda som talar til samvitet i menneskenaturen. Det som Bibelen kallar synd, skal vi kalle menneske til omvending frå.

Det er alltid Guds kjærleik som skulle vere drivkrafta når vi forkynner omvending frå synd, og ikkje vår indignerte og frustrerte menneskenatur. Det var dette som gjorde Jesus til ein meister i å nå inn til syndarar. Han møtte dei med grunnleggjande kjærleik, og kallet til omvending vart eit kall inn i Guds omsorg, til omforma liv og frigjerande tilgiving.

Sider