Veke 42

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Eit lite, stort steg.....

"I dei siste dagar skal det henda, seier Gud, at eg renner ut min Ande over alle menneske." (Apgj. 2, 17)

Gud er aldri langt unna eit menneske i vår tid. Vi lever i dei siste dagar, og Anden er verksam over heile jorda. Vi tenkjer kanskje at det er så umuleg for folk å finna fram til Gud. Men Gud har gjort det enkelt. Det er vi sjølv som ofte kompliserer tinga i vår tanke. Og Den heilage ande ønskjer å hjelpe menneske til tru på Jesus.

Dei to røvarane, som vart korsfesta saman med Jesus, hadde begge like dårlege odds. Dei fortente si straff på grunn av sine gjerningar. Livet var ferdig levd, og ingen ting kunne rettast på. Evigheten stod for døra, og utfallet var gitt. Men i siste øyeblikk kjem den eine med ei erkjenning og eit hjartesukk: "Jesus, husk på meg...." Det endra hans destinasjon for evigheten. Han vann paradis - på ein utpust.

Alle menneske er kun eit lite steg - eit lite hjerterop - unna det frelste, evige livet saman med Gud. Det burde vi tenkja på når vi møter våre medmenneske i dag. Det er så lite som skal til. Og forskjellen frå død til liv er så vanvittig stor. Eit kort lite møte med eit anna menneske, kan opna blinde augo for Guds frelse til alle:

"Og kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst." (Apgj. 2, 21)

Minner om storsamling på søndag kl. 11:00 i Meland Aktiv. Barnelovsangsteamet blir med. Vi skal ha dåp. Karianne (Fosse) og Geir Rødland skal bere fram vesle Sofie. :-) Minner også om Oase sitt møte på søndgaskvelden i Loddefjord kirke kl. 19:00. Henning m/team leier lovsangen her.

GOD HELG!

Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland