Veke 35

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

Ved frukostbordet i dag hadde tenåringen og eg som vanleg ei lita andaktstund. (Konemor er ute av huset lenge før fuglane står opp. J) Det vart trekt eit mannakorn, og ordet slo imot oss med kraft og styrke. Tankane mine flaug eit år tilbake, til 28. august 2008. På dagen i dag, for nøyaktig eit år sidan, var vi samla til gravferd. Kjære vener hadde mista dotter si, og vi var samla rundt båra hennar i sorg. ”Kjære Gud, ver her med oss!” Den stille bøna vart løfta opp mot kyrkjetaket.

”Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg, og held deg oppe med mi frelsarhand.” (Jes. 41, 10)

”Kjære Gud, ver nær dei i dag!”

Så folda vi to våre hender der ved frukostbordet, og ba ei bøn om mot, styrke og hjelp for nokre gode vener som treng Guds omsorg og nærver særleg i dag.

Og ordet er til oss alle denne dagen. Vi har alle ting vi kan kjenna oss rådville for. Vi har alle ting som vi frykter og er redde for. Vi treng alle Guds styrke og hjelp i kvardagslivet. Du sjølv veit kva som er di sut.

Løftet står der, svart på kvitt, og svingar seg i medvind og motvind, som eit flagg som dansar i frisk bris, med korset i sentrum. Og Gudsordet syng til oss denne dagen: ”Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe med mi frelsarhand!”

GOD HELG!

Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland