Veke 34

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

 Kva gjer Den Heilage Ande? På søndag er dette spørsmålet tema i storsamlinga vår. Har du tenkt over at den Anden som arbeider i oss i dag, er den same Ande som verka i Jesus og i disiplane hans? Den Heilage Ande er ikkje blitt tappa for kraft gjennom kyrkja si historie, sjølv om kyrkja (Guds folk) i perioder ser ut til å ha mista noko av krafta frå Den Heilage Ande. Kva gjer Anden i dag? Og kva må vi kristne gjera for at Andens verk skal få større gjennomslagskraft i oss?

Eg har ikkje tenkt å gi noko raskt og enkelt fasitsvar på desse spørsmåla. La oss heller gå inn i denne helga i ettertanke, bøn og søken etter meir av Gud i liva våre; meir av Den Heilage Ande. Og på søndag har vi muligheten til å vere samla i Guds namn, og finne ut meir om kva Den Heilage Ande gjer i oss og mellom oss. Velkommen til storsamling på folkehøgskulen kl. 11:00!

 Den Heilage Ande har ei gjerning som han ønskjer å utføre i deg og i meg. Han vil svært gjerne vere verksam med si kraft gjennom sine disiplar i dag, nett som for 2000 år sidan.

 ”Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.” (2. Kor. 3, 17 – 18)

 GOD HELG!

Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland