Godt nytt år!

”Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.” (Fil. 1, 6)

I januar 2004 vart Oasefellesskapet etablert i Normisjon som eigen menighet. No, siste helga i januar 2014, feirer vi 10-års jubileum, som Norkirken Nordhordland. 10 år ligg bak oss og er historie. Mykje å gle seg over. Mykje å takke for. Mange som har stått på i trufast teneste. Mange som har lagt ned stor innsats. Vi kan godt repetere uttrykket ”samvirkelag,” når vi skal gjere opp status.

Men framfor å peika på personar og arbeidsinnsats, vil eg i dag først og fremst fokusera på Han som har kalla oss, utrusta oss og ført oss fram gjennom desse åra. Eg vil retta takka mot Gud vår Far. Han er ein trufast hjelpar og leiar. Han er det vi følgjer. Han er det vi trur på. Han er det som går saman med oss, og arbeider i lag med oss. Det er først og fremst HAN vi takkar, og det er HAN vi tilber.

Dette året vil vi setja ”Menigheten – Guds familie” som tema. Og det er nettopp  denne store tanken som gjer at vi med ekstra stor glede kan feire og gle oss saman. Det er Han som har kalla oss. Han har kalla oss til å vere born. Han har kalla oss til å vere familie. Han har tatt til med si gode gjerning i oss og i blant oss. Og Han skal både fortsetje og Han skal fullføre si gjerning – heilt til Jesu Kristi dag!

God helg, og godt jubileumsår!