Vi er familie!

I den Augsburgske vedkjenninga heiter det: "Vi menneske kan ikkje bli rettferdiggjort for Gud ved eigne krefter, fortenester eller gjerningar, men vi blir rettferdiggjort utan vederlag for Kristi skuld ved trua, når vi trur at vi blir tatt til nåde og at syndene blir tilgitt for Kristi skuld, han som ved sin død har gjort opp for alle våre synder." (Artikkel 4)

Martin Luther sa det slik: Ved denne artikkelen står og fell kyrkja! Vi talar altså om grunnpilaren i det kristne fellesskapet. Det som gjer at vi er familie, born av Gud og søsken med kvarandre. Vi er eitt med Kristus. Vi er rettferdige for Gud i kraft av Jesu død for alle våre synder, og vi har funne nåde og er tilgitte syndarar. Vi er alle i same båt, og båten er verkeleg ein LIV-båt!

Kyrkja er Guds ide og påfunn. Den er skapt av han, den blir halden oppe av han, og den skal fullførast av han. Kyrkja er bygd av levande steinar. Levande steinar er levande menneske, som ved trua på Jesus har funne nåde hos Gud og fått tilgiving for syndene. Vi er hans verk, seier Paulus i Efesarbrevet. Og det er mange honnørord knytt til Guds verk og einsidige frelseshandling: Miskunn, kjærleik, overstrøymande rik på nåde, god mot oss, Guds gåve. Her er mykje å feire!

"Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik,  gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei." (Efesarane 2, 4 - 10)