Barnas dag

For sjuande år på rad arrangerer Norkirken Nordhordland Barnas Dag i Meland Aktiv! Det starta med ein ìde frå eit enkeltmedlem for snart åtte år sidan, om å gjera noko positivt for folk i førjulstida.

Laurdag 14. desember frå kl. 10 til kl. 15 er alle barn frå fire til ti år velkommen til aktivitetsdag i Meland Aktiv.

Det er mange ulike aktivitetar å velje mellom: Fotball, hinderløype, høgdehopp, klatring, playstation, og formingsaktivitetar. Innimellom leiken er det sett av tid til matpauser.     Det er mange vaksne leiarar frå Norkirken, samt tweens og ungdomar, som aktiviserar og passar på barna.

Vi avsluttar dagen med adventssamling i kultursalen kl. 14.30. Den er open for foreldre og søsken òg! Nokon frå Team Sulebakk kjem på besøk, og det vert song og tenning av adventslys på programmet.

Vi håpar dagen blir til glede og nytte for foreldra òg, slik at dei får litt ekstra tid til førebuingar til jul. Og sjølvsagt håpar vi at barna får ein kjempefin dag!!!