B-tween gruppe for gutar

Frå hausten 2013 startar vi opp ei B-tweengruppe for gutar. Jentene har hatt gruppe i fleire år, og no vert det også eit tilbod for gutar. Her er ein liten rapport frå oppstartsdagen.

Første samling var i lavoen til Sagstad skule, langt inni den mørke granskogen bak Meland Aktiv!


Gutane møtte fram i varme klede, med refleksvest og hovudlykt, klare for å gå til skogs. Då dei kom fram til lavoen, var det alt god fyr i bålpanna, og straks klart for grilling av pølser på eigenspikka pinnar.

Inni ein varm, og til dels røykfylt lavo, var det tid for andakt, spørsmål og samtale. Gjengen på sju gutar hadde mange gode spørsmål og kommentarar å koma med.

Så var det tid for å leike gøymsle i mørket mellom alle dei svære grantrea. Mot slutten dukka  det opp ein verdskjend Ylvis låt på ein mobiltelefon, medan gutar og leiarar leita etter fox karamellar mellom stubbar og barnåler! Uvisst kven som kosa seg mest; gutane eller dei fire leiarane.

Samlingane vert kvar tredje veke. Avslutning før jul vert 10. desember, i lag med jentegruppa!

Spørsmål om gruppa kan rettast til Mariann U. Henanger eller Jan Martin Jansen