Saltet på jorda

Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild. (Kol. 4, 6)

”De er saltet på jorda,” sa Jesus ein gong han tala til disiplane sine.

Det er mykje vi kunne seia om salt,  men her vil eg nemna to ting som er viktig i vår tid, overført til det kristne livet.

For det første finst det mykje godt salt som er stabla bort i øskjer, skuffer og skåp. Det finst mykje salt lagra på saltbøsser. Men saltet får først sitt verknad når det blir spreidd og dryssa ut på dei områda det skulle utføra sin verknad. Å vera kristen betyr å skapa påverknad ute blant folk, i kvardagslivet; på jobben, i familien og i fritida. Kristenlivet må levast sterkt, ope og ute i samfunnet i kvardagen, og ikkje berre inne i den lukka kristne forsamlinga om søndagen.

For det andre vil eg peika på ein av dei mange gode verknader saltet har. ”Kva verknad har salt?” spurde ein lærar. ”Det gjer oss tørste,” svara ein elev. Med det kan vi i overført tyding seia: Ein salt kristen vekkjer ei lengt i folk rundt seg etter den freden, gleda og krafta som Jesus kan gi.