ALT ER SÅ STILLE...

Etter ei nokså stormfull og våt veke, bryt sola gjennom skyene over Alver i dag. Godt å kjenne at våren er på veg. 

Eg kjenner på at vi treng sol og varme (også andeleg og mentalt) i denne tida. Vi treng å kjenne varmen frå naturen. Vi treng å kjenne varmen frå kvarandre. Og vi treng å kjenne varmen frå vår himmelske Far.

Ja, vi treng å kjenne varmen frå Andenes vind, han som Jesus sender til oss som trøystar, hjelpar og venn. 

Alt er så stille. I gatene. I butikkane. Ute på tur. I nabolaget. Stilla kan høyrast. Den kan følast. Den kan merkast. Den kan gjere meg roleg. Eller uroleg. 

"Kjære Far! La stilla bli din mulighet til å tale til meg! La meg få høyre di stemme inn i livet mitt i denne tida. Send Den Heilage Ande, med levande ord, lys og og varme!"

Tre bibelvers frå Salme 94, som har tala til meg denne veka:

"Om ikkje Herren var min hjelpar, budde eg snart i det stille landet. Om eg må seia: Foten min er ustø, så held di miskunn meg oppe, Herre. Når mitt indre er fullt av uroleg tankar, har mi sjel glede av di trøyst."

(Salme 94, 17-19)