HEIME-PÅSKE I NORKIRKEN

Denne påska blir ei HEIMEPÅSKE for alle. Gudstenester og andre arrangement, offentlege og private, er avlyst. Men vi treng ikkje å avlyse påska. Vi kan feire påske i heimane våre, enten vi er åleine eller fleire samla. Her finn du oversikt på nokre ressursar og nettarrangement som vi vil legge til rette for. 

Palmesøndag blir det nett-gudstjeneste på Facebook. Bjørnar Sæle, Ingelin Reigstad Norheim og pastor Arve Reigstad deltar. Her finn du gudstenesta på nett:

https://youtu.be/Dd6qeu2G4QE

Det blir åpent nett-bønnemøte for alle som vil på måndag 6. april kl. 20:00. Møtet blir på ZOOM. Vi vil leggje ut ei lenke til møtet ein halv time før, på heimesida her og på Norkirkefamilien på Facebook. Her er lenke til å deltas på bønnemøte:

https://nla.zoom.us/j/8498520573?fbclid=IwAR3dcnlpUjcglrSzwde1VXPe54sWrz...

Det blir nett-nattverd-møte Skjærtorsdag 9. april kl. 19:00. Alle kan delta (born, unge og eldre) Lenke til samlinga (på ZOOM) blir lagt ut ein halv time før møtet. NB! Alle må gjere klar eit bord heime, med brød og vin, og gjerne lys og litt pynt på bordet, i tillegg til PC eller nettbrett:-) 

Her er forslag til opplegg og innhald for påskesamlingar i heimane:

1. BIBEL og BØNN. Bruk bibelselskapet sine tekster gjennom påska, og lag ei ramme med ei lita andakststund i heimen. Tekstane finn du her: bibel.no . Åpne "Dagens bibelord" og bruk meditasjonen og bibelteksten som står der. Dette kan vere eit godt utgangspunkt for ein kort samtale og bønn.

2. NATTVERD. Du kan sjølv ha nattverd, åleine eller saman med familien.

Ein vaksen må ta ansvar for å førebu og leie samlinga i familien.

Pynte: Lag ei fin og koseleg  ramme, med litt pynt og lys på bordet. 

Brød og vin. Brød kan vere valgfritt, alle typar. Du kan også bake eit lite rundt pitabrød (gjerne utan gjær - om du ønskjer usyra brød) Vin kan vere vanleg vin, gjerne avalkoholisert vin, eller du kan også bruke druejuice. Vi anbefaler druejuice, og særleg viktig er dette når born og unge er med på nattverdsmåltidet. 

Takk, tilbeding og bønn: Bruk litt tid på takk og tilbeding, gjerne eit par songar som er lette å syngje, og som alle kan vere med på. Så kan dei som vil, takke og be korte bønner. Avslutt bønnedelen med "Vår Far."

Innstifting av nattverden: Les innstiftingsorda frå 1. Korintarbrev 11, vers 23-26

Måltidet: Del ut brød og vin med orda "Dette er Jesu kropp" og "Dette er Jesu blod"

Takkebøn etter måltidet: Ein eller fleire kan be ei fri takkebønn. 

Tilseiinga: (Etter at alle har tatt imot brød og vin) "Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har no gjeve oss sin heilage kropp og blod, som han gav til soning for alle våre synder. Han styrkje oss med det og halde oss oppe i ei sann tru til det evige liv. Fred vere med dykk!"

Avslutning: Velsigning "Velsign oss Gud Fader, velsign oss Gud Son, velsign oss Gud Den heilage ande. Amen"

Andre tips til barnefamiliar:

Jesusnett er ei fin ressursside. Her finn de tips til ulike aktivitetar / andaktar / oppskrifter m.m for påske - for ulike aldersgrupper. Her finn du også filmen "Historien om Jesus for barn"

http://jesusnett.com/0wEbjesUsneTtgNu2016/index.no.php